Spirometri med diffusjonskapasitet
Diffusjonskapasitet (DLCO) er ei undersøking som måler evna til å transportere oksygen frå lungeblærene til hemoglobinet i dei raude blodlegemene.
Om undersøkinga
Du pustar inn ein ufarlig testgass under undersøkinga. Gasskonsentrasjonen målast både i lufta som går inn i lungene og lufta som pustast ut. Ut frå endringar i gasskonsentrasjonen får vi eit mål på kor lett lungene kan ta opp oksygen frå lufta.
Før
For at testen skal kunne gi eit så rett svar som mogleg er det viktig at du:
- ikkje et eit stort måltid den siste timen før undersøkinga
- unngår bruk av tobakk undersøkingsdagen
- ikkje anstreng deg siste timen før undersøkinga
Bruker du inhalasjonsmedisin, tek du desse med til undersøkinga
Om du har en luftvegsinfeksjon, nylig gjennomgått ein operasjon eller andre medisinske forhold, bør du ta kontakt med lungepoliklinikken på førehand for å vurdera om undersøkinga skal utsettast
- 6 - 48 timer timar før undersøkinga, avhengig av inhalasjonsmedisin.
Under
Sjukepleiar vil fortelle deg i korleis du utførar testen. Undersøkinga består av to deler:
1. Spirometri:
Etter
Etter undersøkinga vil legen tolke verdiar i forhold til forventa verdiar og sjå dette i samanheng med sjukdomsbilete og andre undersøkingar.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Medisinsk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde