Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ete- og ernæringsvanskar hos barn, tiltak

Etevanskar er ofte av samansett karakter, og i dei fleste tilfelle er det behov for ei tverrfagleg tilnærming. Behandlinga vil variere noko, avhengig av kva type etevanskar som er mest framståande, om barnet viser vegring, munn- og svelgmotoriske vanskar, eller har eit snevert kosthald. Avvikande eteutvikling er vanlegare hos barn med alvorleg sjukdom og er særleg utbreidd ved enkelte diagnosar.

Etevanskar hos barn er kjenneteikna ved problem med å ete eller drikke tilstrekkeleg for å dekkje næringsbehovet sitt. Vanskane kan også komme til uttrykk ved at barnet har eit svært anstrengt forhold til eting og måltid, utan at det gir mangelfull ernæring.

Nokre gonger er det ei kjent årsak til vanskane, i andre tilfelle er det vanskeleg å påvise nokon sikker årsak. Stress og bekymring hos foreldre er vanleg og ofte normale reaksjonar på etevanskane. Det er viktig at desse reaksjonane blir fanga opp, då dei kan oppretthalde og i nokre tilfelle forsterke vanskane hos barnet.

Vanskane kan bli kategorisert på følgjande måtar:

Vanskar relatert til mengde

Dårleg appetitt, manglande interesse for eller avvising av mat, som medfører at barnet ikkje klarer å ete/drikke tilstrekkelege mengder. Det blir gjerne beskrive som «småspistheit» og spisevegring.

Vanskar relatert til konsistens

Problem med å ete mat/drikke med konsistens som barn på same alder vanlegvis meistrar, for eksempel mat som krev munnmotorisk omarbeiding og må bli togge. Det blir omtalt som umoden munnmotorikk, oralmotoriske vanskar og dysfagi.

Vanskar relatert til samansetninga av kosthaldet

Avvising av all mat utanfor eit snevert og avgrensa utval, ekstremt og vedvarande kresen, og preferanse for sære smakar. Det blir omtalt som selektivt kosthald, «ekstrem kresenheit» og «særspising».

Det er ikkje uvanleg at barn med alvorlege etevanskar har utfordringar innanfor alle desse tre kategoriane samtidig.

Tilvising og vurdering

Fleire av barneklinikkane og habiliteringstenestene rundt om i landet har tverrfaglege ete- og ernæringsteam. Fastlege tilviser barnet. Teamet på Rikshospitalet tar berre imot vidaretilvisingar frå spesialisthelsetenesta.  

Dette bør inngå i tilvisinga: 

  • Diagnose/diagnosar på tilvisingstidspunktet
  • Aktuelle problemstillingar
  • Pågåande/planlagt behandling og oppfølging, inkludert om eteteamet lokalt er involvert. Dersom ikkje – kvifor?
  • Tidlegare sjukehistorie, inkludert vekt- og vekstutvikling (legg ved percentilskjema) og tidlegare utgreiing 
    • pH-registrering  
    • Rtg Ø+V+D?
    • Blodprøver?
    • Allergiutgreiing?
    • Videofluoroskopi?
    • Anna gastroenterologisk utgreiing?
  • Tidlegare etehistorie
    • Korleis har etinga og måltida til barnet vore frå nyføddperioden
    • Når og korleis begynte etevanskane
    • Har barnet hatt behov for ernæring gjennom sonde/gastrostomi (spesifiser dette nærare)
  • Status ved tilvisingstidspunktet
    • Kva og kor mykje et og drikk barnet
    • Korleis er måltidsrytmen og døgnrytmen
    • Ernæring gjennom sonde/gastrostomi
    • Kva matvarer/konsistenstypar meistrar barnet
    • Korleis drikk barnet
    • Beskriving av måltid (måltidsobservasjon)
    • Vurdering basert på måltidsobservasjon (informasjon om måltid/måltidobservasjon)
    • Kartlegging av måltid (måltidsobservasjon)
    • Kartlegging av korleis etevanskane påverkar foreldra og familien
  • Generell utvikling
  • Familiære, sosiale forhold med relevans for det aktuelle
  • Lokale kontaktpersonar som kan følge opp vidare, eventuelt delta på utskrivingsmøte/oppsummering via digitalt møte
  • Eventuelt behov for tolk: kva språk/dialekt
 




Før

Før utgreiing og behandling for etevanskane er det viktig at foreldra er førebudde på spørsmål om eteutviklinga og ernæringssituasjonen til barnet heilt frå nyføddperioden fram til undersøkinga. Ei grundig vurdering av eteutviklinga og sjukdomshistoria til barnet vil vere utgangspunktet for utgreiing. Foreldra kan bli bedne om å registrere kosten (skrive ned alt barnet et og drikk i fire dagar) og gjere videoopptak frå måltid heime og i barnehage / på skule.

Under

Som grunnlag for tiltak vil barnet bli undersøkt av barnelege. Vidare vil måltidsobservasjonar, kartlegging av ernæringsmessige forhold og eventuell vurdering av munnmotorikk og svelgfunksjon vere nødvendig før behandlinga startar. På bakgrunn av denne kartlegginga blir det gitt rettleiing basert på videoopptak frå måltid og råd om ete- og ernæringsfremmande tiltak tilpassa det enkelte barnet og familien til barnet.

Hos nokre barn er det aktuelt med tilleggsundersøkingar som blodprøvar, for eksempel pH–registrering for å utelukke gastroøsofageal refluks eller svelgfilming (videofluoroskopi) for å utelukke svelgevanskar.

Nokre gonger er det nødvendig å starte opp med medisinsk behandling, for eksempel behandling av refluks frå magesekken eller obstipasjon, før det er mogleg å få eit barn til å ete ei større mengde eller meir variert mat. Dersom eit barn har forseinka eteutvikling, vil det vere nødvendig med tiltak i eit utviklingsperspektiv. Tilpassing av konsistensen på maten i samband med den munnmotoriske funksjonen til barnet kan vere vesentleg.

For nokre barn vil nesesonde eller gastrostomi (magesonde), vere nødvendig. Ved bruk av nesesonde eller gastrostomi er det viktig at det blir utarbeidd ein god oppfølgingsplan som sørgjer for god ernæring og trygg administrering av dette. Dette kan vere eit kortvarig hjelpemiddel for nokre, mens det for andre vil vere nødvendig over lang tid.

Det vil alltid vere behov for rettleiing til foreldra til barnet, barnehage eller skule, og andre nære omsorgspersonar som har ansvar for måltid med barnet. Ete- og ernæringsteamet vil samarbeide med fagpersonar som arbeider med barnet til dagleg, for å sikre best mogleg oppfølging og kontinuitet.

Gjer det vondt?

Sjølve behandlinga i ete- og ernæringsteamet gir ikkje smerter og ubehag. Nokre gonger kan det vere behov for blodprøvar og andre medisinske undersøkingar for å avklare helsetilstanden til barnet.

Kor lenge varer behandlinga? 

Ete- og ernæringsteamet vurderer barn både ved polikliniske konsultasjonar (1–2 timar), som dagpasientar (opptil 5 timar) og ved dagopphald (3–4 dagars varigheit).

Etevanskar har mange former. Nokre vanskar er avgrensa, andre er resultatet av eit komplekst samspel mellom motoriske, sosiale og ernæringsmessige faktorar. Nokre vanskar er forbigåande, mens andre kan vare ved over tid, i enkelte tilfelle gjennom heile livet. Vanskane kan ha blitt utløyst av ei kjent årsak og vare ved sjølv om den opphavlege årsaka er ferdigbehandla. Det er vanskeleg å seie noko generelt om varigheita til behandlinga.

Etter

Ete- og ernæringsteamet legg vekt på å samarbeide med lokale fagpersonar. Teamet kan ha kontakt med lokale fagpersonar både før og under behandlingsopphaldet. Ved oppsummeringsmøtet deltar ofte lokale fagpersonar frå barnehage/skule og helsepersonell, og vi har også videooverførte samarbeidsmøte. Dette gir rom for felles drøfting med fagpersonar og foreldre til stades og bidrar til at vi kan bli einige om planar for vidare behandling og oppfølging.

Som regel blir barnet og familien overført til det lokale hjelpeapparatet etter at utgreiinga er avslutta og det er utarbeidd eit forslag til vidare tiltak og oppfølging.

Sist faglig oppdatert 21.03.2025

Kontakt

Førde sentralsjukehus Barne- og ungdomsavdeling

Kontakt Barne- og ungdomsavdeling

Oppmøtestad

Vi har flytta inn i nye, flotte lokaler i Livabygget. Vi er framleis å finne i 5. etasje, og du tek trapp eller heis som før. Her finn du barne- og ungdomsavdelinga, føde og gynekologisk sengepost. 

Sengepost:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå korridoren til endes, forbi kafeen og til heishallen. Ta heisen opp i 5 etg. Henvend deg på vaktrommet på Barne og ungdomsavdelinga. 

Poliklinikk:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå rett fram gjennom glasdørene ved respsjonen. Henvend deg i luka til sekretær.

 

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

Blodgjevarar og rørslehemma har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen, nord-aust for Svanabygget som er hovudbygningen ved sjukehuset. På nedsida av parkeringsplassen er det også ladepunkt for el-bil. 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

  • Akuttmedisin:
    Etter avtale på telefon 57 83 90 82.
  • Barneavdeling:
    Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.
  • Kirurgisk:
    Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.
  • Kreft:
    Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.
  • Kvinneklinikken:
    Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.
  • Medisinsk:
    Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.
  • Nevrologisk:
    Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.
  • Ortopedisk:
    13.30-16.00 og 17.30-19.30.