Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spiseforstyrring hos vaksne, dagbehandling

Eteforstyrringar er psykiske lidingar som er kjenneteikna av veldig merksemd på kropp, mat og vekt. Dei vanlegaste eteforstyrringane er overetingsliding, bulimi og anoreksi.

Anoreksi er kjenneteikna av eit utilstrekkeleg matinntak som fører til undervekt (BMI under 17,5), intens frykt for vektauke og vedvarande åtferd som forhindrar vektauke. Sjølvfølelsen er overdrive relatert til kroppsbilde, og mange synest det er vanskeleg å forstå alvoret i situasjonen.
 

Bulimi er kjenneteikna av hyppige overetingsepisodar etterfølgt av åtferd som skal hindre vektauke, for eksempel sjølvframkalla oppkast. Ein person med bulimi opplever ofte ein følelse av å vere ute av kontroll under overetingsepisodane, og sjølvfølelsen er overdrive relatert til kroppsbilde.
 


Overetingsliding er kjenneteikna av gjentatte episodar med raske inntak av større mengder mat, utan at ein sjølv har kontroll over kor mykje ein et. Overetingsepisodane førekjem i gjennomsnitt minst éin gong i veka. Mange kjenner på følelse av skam og mangel på kontroll i forbindelse med overetinga. Overetingsliding kan minne om bulimi, men matinntaket blir ikkje etterfølgt av sjølvframkalla oppkast eller andre handlingar som skal hindre vektauke.


Det finst også andre eteforstyrringar, som uspesifisert eteforstyrring, atypisk anoreksi og atypisk bulimi. 

Behandling av ei eteforstyrring kan skje poliklinisk eller ved innlegging. For dei fleste pasientar vil poliklinisk behandling vere tilstrekkeleg, men for nokre vil innlegging i døgneining vere aktuelt i delar av sjukdomsforløpet. 




Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlege og legevakt er dei som i hovudsak tilviser til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta. Spesialisthelsetenesta vil då, på bakgrunn av prioriteringsrettleiaren – «Psykisk helsevern for vaksne» – avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta. Om behandling på ditt lokale DPS ikkje er tilstrekkeleg, kan du bli tilvist vidare til spesialisert behandling på eit Regionalt senter for eteforstyrringar.

Utredning

Behandling

Oppfølging

Kontakt

Psykisk helsevern