Behandling

Spiseforstyrring hos vaksne, døgnbehandling

Eteforstyrringar er psykiske lidingar som blir kjenneteikna av overinteresse for kropp, mat og vekt. Dei vanlegaste eteforstyrringane er overetingsliding, bulimi og anoreksi.

Diagnose og behandling

Anoreksi blir kjenneteikna av eit utilstrekkeleg matinntak som fører til undervekt (BMI under 17,5), intens frykt for vektauke, og vedvarande åtferd som forhindrar vektauke. Sjølvkjensle er overdrive relatert til kroppsbilete, og mange synest det er vanskeleg å forstå alvoret i situasjonen.

Bulimi blir kjenneteikna av hyppige overetingsepisodar etterfølgd av åtferd som skal forhindre vektauke, som til dømes sjølvframkalla oppkast. Ein person med bulimi opplever ofte ei kjensle av å vere ute av kontroll under overetingsepisodane. Sjølvkjensle er overdrive relatert til kroppsbilete.

Overetingsliding blir kjenneteikna av gjentekne episodar med raske inntak av større mengder mat, utan at ein sjølv har kontroll over kor mykje ein et. Overetingsepisodane finst i gjennomsnitt minst éin gong kvar veke. Mange kjenner på følelse av skam og mangel på kontroll i samband med overetinga. Overetingsliding kan minne om bulimi, men matinntaket blir ikkje etterfølgt av sjølvframkalla oppkast eller andre handlingar som skal forhindre vektauke.

Det finst også andre eteforstyrringar, som uspesifisert spiseforstyrring, atypisk anoreksi, og atypisk bulimi.

Behandling kan skje poliklinisk eller ved innlegging.

For dei fleste pasientar vil poliklinisk behandling vere tilstrekkelege, men for somme vil innlegging i døgneining vere aktuelt i delar av sjukdomsforløpet. Innlegging i døgneining kan vere nødvendig i akutte fasar av sjukdommen, eller for å redusere alvorleg undervekt når ein ikkje har lykkast med dette poliklinisk.

 

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen og legevakt er dei som i hovudsak viser til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta. Spesialisthelsetenesta vil då, på bakgrunn av prioriteringsrettleiaren «Psykisk helsevern for vaksne» avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta. Om behandling på ditt lokale DPS ikkje er tilstrekkeleg kan du tilvisast vidare til spesialisert behandling på eit Regionalt senter for eteforstyrringar.

Ved svær avmagring, særleg dersom dette har skjedd over kort tid, og ved mistanke om alvorlege somatiske komplikasjonar, vil det vanlegvis vere indikasjon for innlegging i sjukehus.

Alvorlege bulimiske episodar, misbruk av laksantia eller diuretika, vil også kunne gi grunn til innlegging.

Sjølv om kriteria nemnde ovanfor ikkje er oppfylte, kan det i sjeldne tilfelle vere aktuelt å leggje inn pasienten for å komme i gang med eit reernæringsopplegg, dersom langvarig poliklinisk behandling ikkje gir resultat.

Utgreiing

Undersøkingar som inngår i utgreiinga:

  • Somatisk undersøking, inkludert blodprøvar og kostanamnese.
  • Psykiatrisk utgreiing med kartlegging av utviklingshistorie, bakgrunn og aktuelt problem.
  • Standardiserte testar. Dette kan vere både semistrukturerte intervju og sjølvutfyllingsskjema.
  • Odontologisk utgreiing. Det bør visast til odontologisk utgreiing ved mistanke om tannskadar.

Ved utgreiing i sjukehusavdeling vil behandlingsteam jamleg ha samtalar med deg for å kartleggje symptom og meistringsstrategiar, for i samråd med deg å vedta kva tiltak som skal/bør setjast i verk.

Behandling

Behandlingstilbodet blir tilpassa kvar enkelt person. Overordna mål for behandling må alltid sjåast i lys av sjukehistoria di, ressursar og motivasjon for endring.

Behandlinga kan vere ein kombinasjon av ulike behandlingsformer som:

Individuell psykoterapi

Det finst mange ulike typar psykoterapi. I døgnbehandling er det inga spesiell terapiform som klart kan tilrådast. Type individualterapi blir vurdert individuelt og i samråd med deg.

Miljøterapi

Miljøterapi blir definert som ei planlagd tilrettelegging av dagleglivet i ei døgneining. Miljøterapi som omgrep omfattar både det psykososiale miljøet i eininga, og relasjonen mellom miljøterapeuten og kvar enkelt pasient. I ei døgneining for eteforstyrringar vil eit viktig terapirom vere matsalen. Reernæring og utfordring av matangst er viktige element i miljøterapien.

Legemiddelbehandling

Behov for legemiddelbehandling blir vurdert individuelt og i samråd med deg.

Psykoedukativt (kunnskapsformidlande) familiesamarbeid

Når ein i familien slit med eteforstyrringar vil også familiemedlemmer kunne bli involverte i sjukdomsutviklinga. Ein psykoedukativ familietilnærming kan dempe stressnivået i familien, gi ei betre forståing for alle av kva ei eteforstyrring er, og gi betre meistring av måltid.

Gruppebehandling

Ved innlegging i døgneining kan noko av behandlinga skje i grupper, som til dømes psykoedukative grupper, samtalegrupper, kosthaldsgrupper og grupper for fysisk aktivitet.

Kor lang tid tek normalt behandlinga?

Forløpet ved eteforstyrringar varierer. Dette medfører at det individuelle forløpet og prognosane for kvar enkelt ikkje kan anslåast.

Oppfølging

Når du blir skriven ut frå behandling i døgninstitusjon, er det svært viktig at du følgjer tilrådingane som blir gitt og nyttar deg av tilrådde oppfølgingstilbod også etter utskriving.

For mange tek det lang tid å bli frisk av ei spiseforstyrring. Det meste av behandlinga skal skje poliklinisk. Det er derfor veldig viktig med gode overgangar mellom døgnbehandling og poliklinisk behandling.

Spesielt viktig er det å følgje opp tilrådd kostplan, og halde ved like/halde fram med å arbeide mot ein normal vekt (BMI 20-25). Det vil vere med på å betre prognosen og redusere faren for tilbakefall.

Kontakt

Psykisk helsevern