Førebuingar før oppmøte på sjukehuset
Les innkallingsbrevet nøye.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.
Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.
Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
- Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timar før
- Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timar før
- Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Det får du i så fall beskjed om.
Kva skjer operasjonsdagen?
Du må vere førebudd på at det kan bli noko ventetid før og etter operasjonen. Ta gjerne med lesestoff, musikk eller liknande.
Ved oppmøte blir du teken imot av sjukepleiar. Du vil få snakke med anestesilege og kirurgen som skal operere deg.
Ved inngrep på stemmebanda kan det oppstå ei stor belastning på fortenner når ein fører ned røyret som blir brukt til å sjå i halsen under operasjonen. Det er viktig at du før operasjonen seier frå til kirurgen og anestesilegen dersom du har lause tenner/implantat.
