Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stomi hos barn og unge

Nokre barn og ungdom har sjukdommar eller misdanningar som fører til forstyrringar i mage-tarmfunksjonen. Det kan vere vanskeleg eller umogleg for tarmen å få tømt seg gjennom endetarmen, og det er nødvendig å få laga til tarmstomi.

Om stomi

Stomi betyr opning eller munn. Når ein stomi blir laga til, blir tarmen operert fram til hudoverflata. Avføringa tømmer seg gjennom stomien i staden for gjennom endetarmsopninga. Ein stomi er ikkje omgitt av lukkemuskel slik som endetarmen, tarmtømminga kan derfor ikkje kontrollerast. Det er tarmrørslene som bestemmer når avføringa kjem ut gjennom ein stomi.

Ein stomi kan lagast til ulike stader på tarmen og får nemning deretter. Ein stomi på tynntarmen (ileum) blir kalla ileostomi. Ein stomi på tjukktarm (kolon) blir kalla kolostomi. Konsistensen til avføringa avheng av kor langt ned på tarmen stomien er plassert. I tynntarmen er innhaldet flytande, og slik vil også avføringa frå ein ileostomi vere. Den viktigaste funksjonen til tjukktarmen er å suge opp væske frå tarminnhaldet. Jo lenger ned mot endetarmen stomien er plassert, jo fastare blir avføringa.

Mellombels og permanent stomi

Ein mellombels stomi blir laga til når det er nødvendig å avlaste delar av tarmen for ein periode. Då vil det som regel vere to stomiåpninger rett ved sida av kvarandre. Avføringa kjem ut i den eine opninga. Den andre opninga (blindstomi) førar ned til den delen av tarmen som ikkje er i bruk. Frå blindstomien kjem det ofte litt slim.

Ein permanent stomi har berre ei opning der avføringa kjem ut. Tarmen som er nedanfor stomien, blir lukka i øvre ende. Slim frå den delen av tarmen som ikkje er i bruk kjem ut gjennom endetarmsopninga.

Posesystem

Endelt system betyr at stomiplaten/ festeplata, og posen er sveisa saman. Posen må tømmast eller skiftast ved behov. Todelt system består av ein pose og ei plate. Plata blir festa på huda rundt stomien, og posen blir festa i plata.

Fordelen med dette, er at posen kan bytast utan at plata må skiftast samtidig. Mange barnehage- og skulebarn bruker denne løysinga.

Stomiposer kan vere tømbare eller ikkje tømbare. Dei kan vere gjennomsiktige eller farga. Alle posar har filter slik at tarmgassen kan sleppe ut medan lukta blir fjerna i filteret.

Stomisykepleier har kunnskap om ulikt stomiutstyr og tilleggsprodukt, og vil i samarbeid med foreldre og større barn velje best utstyr for kvar enkelt. Ved kontrollar hos stomisykepleier vil stomiutstyret alltid vurderast, og de vil få informasjon om nytt aktuelt utstyr.

Stomiutstyr blir fått på blå resept

Stomiutstyr, tilleggsprodukt og kompressar til stell blir fått på e-resept (blå resept). Stomisykepleier lagar liste over utstyr før heimreise slik at det er lett for foreldre å bestille hos apotek eller badasjist. Stomisykepleier kan tilrå ein badasjist i nærområdet ditt, eller finne ein badasjist som leverer utstyret heim.

Det blir tilrådd å bestille utstyr med ein gong ein har komme heim frå sjukehuset då det kan ta noko tid å få utstyret levert. Vi tilrår å bestille utstyr for berre éin månad ved første bestilling, då det kan vere nødvendig å justere stomiutstyret. Barn under 16 år betaler ikkje eigendel. De vil få med tilstrekkeleg stomiutstyr for dei første vekene heime.  

Før

Før operasjonen må barnet som regel undersøkjast med ultralyd og/eller røntgen. Kva undersøkingar som er nødvendige varierer ut frå årsak og problemstilling til kvart enkelt barn.

De får informasjon om kva operasjonen går ut på av barnekirurg. Det kan opplevast skremmande å skulle få «pose på magen». Det blir ønskt at foreldre og større barn har samtale med stomisykepleier i forkant av operasjon slik at alle er godt førebudde på den nye situasjonen. Nokon treng fleire samtalar for best mogleg førebuing. Stomisykepleier forklarer om livet med stomi, stell av stomi og viser fram aktuelt utstyr.

Barn frå 2–3-årsalderen og ungdom blir også førebudde med samtalar hos barnepsykiater/BUP. Heile behandlingsteamet samarbeider om best mogleg førebuing av barnet i forkant av operasjonen.

Viss operasjonen er akutt, vil foreldre og barn møte stomisykepleier og eventuelt barnepsykiater i etterkant. Alle blir i tillegg førebudde før operasjonen, av ein sjukepleiar på sengepost.

Under

Foreldre og barn vil få individuelt tilpassa informasjon om kva som skjer under operasjonen.

Etter

Dei første dagane etter operasjonen treng barnet ro. Barnet blir tilkopla overvakingsutstyr, og får intravenøs væske og smertestillande medisinar. Dei fleste ligg då på ei overvakingsstove der foreldra kan vere saman med barnet, medan ein sjukepleiar har ansvar for overvakinga. Foreldra får eit anna rom der dei søv. Etter kvart flyttar barnet til eit pasientrom der også ein av foreldra søv.

Etter operasjonen er det festa ein stomipose over stomien. Når det kjem luft og avføring i stomiposen, er det teikn på at tarmen har komme i gang etter operasjonen. Vanlegvis kjem tarmen i gang 1–3 døgn etter operasjonen.

Observasjon og stell av stomien etter operasjonen

Den første tida etter operasjonen er stomien ofte hoven, hevelsen går ned etter 2–3 veker. Stomiens farge avheng av blodtilførsel og hevelse, og kan variere frå lys rosa til mørk raud.

Tarmslimhinna er ikkje smertesensitiv slik som huda, derfor er stomistell berre ubehageleg eller smertefullt når barnet er nyoperert.

Stomislimhinnen blør lett ved berøring. Litt bløding under stomistellet er normalt, og ikkje smertefullt for barnet. Stomislimhinnen er festa i huda med sting. Desse stinga løyser seg opp av seg sjølve og vil forsvinne etter 2–3 veker.

Første stell av stomien

Første stomistell skjer vanlegvis 2–3 dagar etter operasjonen. Før dette har posen vore tømd fleire gonger. Barnets foreldre blir tilrådde å vere til stades når stomisykepleier eller sjukepleiar skiftar første gong. Før stomistellet blir alt utstyr lagt klart. Stomistell bør i utgangspunktet utførast på badet og ikkje i senga. For nyfødde er det viktig at rommet er varmt.

Det er viktig at stomistell går føre seg i trygge omgivnadar og at ein forklarer kva som blir gjort undervegs, slik at det blir mest mogleg føreseieleg og trygt. Små barn blir trygde med song, smokk og vennleg stemme. For nesten alle aldrar kan ein film eller bok vere ei fin avleiing.

Eldre barn og ungdommar har behov for føreseielegheit, gode avtalar rundt stomistell er viktig.

Eldre barn og ungdom kan allereie frå starten delta i stomistell ved å halde utstyr og hjelpe til. Vi tilrår delaktigheit frå start og ønskjer mest mogleg sjølvstende. Kva som vil fungere best for kvar enkelt vil vere individuelt.

Etter første stomistell er det vanleg å skifte på stomien saman med stomisjukepleiar/sjukepleiar dagleg eller annankvar dag for å få trening. Under rettleiing tek foreldre eller barn gradvis over. Det er viktig at begge foreldre får opplæring, slik at alle er mest mogleg trygge før heimreise.

Heimreise

Heimreisetidspunktet avheng av den medisinske tilstanden til barnet, og om foreldra er trygge på å overta ansvaret for stomistellet. Det kan også vere aktuelt med overflytting til lokal barneavdeling.

Før heimreise bør det vere etablert ein kontakt med stomisjukepleiaren ved lokalsjukehuset, eller avtalt kontroll hos stomisjukepleiar ved Rikshospitalet. Dersom nødvendig, kan kontrolltimen framskundast. Når barn får stomi, skal begge foreldre få opplæring i stell av stomien.

 

Nødvendig utstyr til ein stomi er først og fremst ein stomipose og plate. I tillegg treng ein kompressar til å vaske og tørke med. Det er fint å bruke plasterfjernerspray eller plasterfjernerserviettar, då dette bidreg til å fjerne gammal plate skånsamt. Det viktigaste kravet til stomiutstyr er at avføringa blir samla opp på ein praktisk måte, og at huda får godt vern.

Alt nødvendig stomiutstyr blir lagt klart før stell

Utstyr:
  • stomiplate
  • stomipose
  • saks
  • vattpinnar
  • mjuke kompressar
  • avfallspose
  • plasterfjernar
  • tilleggsutstyr som tetningsring, eller tetningspasta etter behov

Den gamle plata/posen blir varsamt fjerna. Trekk forsiktig i plata samtidig som du trykkjer mot huda med plasterfjernerservietten, eller bruk plasterfjernerspray under stomiplata. Skjerm nase og munn slik at barnet ikkje pustar inn partiklar frå plasterfjernersprayen.

Huda kan vere litt raud like etter at stomiplata er fjerna. Denne rauden forsvinn som regel når huda har lufta seg ei stund. Kraftig raude og irritasjon kjem oftast av lekkasje under stomiplata. Stomisjukepleiar eller sjukepleiar kan gi råd for å få huda til å gro dersom det blir sår.

Bruk mjuke kompressar og vask med lunkent vatn frå springen. Små restar frå den gamle plata kan sitje igjen på huda. Dette hindrar vanlegvis ikkje at den nye plata festar seg. Unngå å gni eller «skrubbe» huda. Ved bruk av plasterfjernar, skyl godt med lunkent vatn. Etter vask blir huda tørka varsamt med mjuke kompressar.

Hòlet i stomiplata skal passe rundt stomien. Hud rundt stomien skal dekkjast av plate eller tetningsring, slik at huda ikkje blir skadd av tarminnhald. For å få rett form og storleik på hòlet i plata kan det vere formålstenleg å lage ein mal.

Ved problem med huda, kontakt stomisjukepleiar for råd og behandling. Fleire ulike hudprodukt kan vere aktuelt. Det finst mange tiltak for å betre problem med sår hud eller lekkasje og de vil få individuelle tilrådingar.

Tetningsring kan brukast ved lekkasjeproblematikk. Det finst mange alternative tetningsringar, formberre og stabile. Ein tetningsring blir lagd tett inntil stomien og vil suge opp fukt frå hud og stomi, og kan hindre lekkasje.

Tetningspasta kan nyttast i staden for tetningsring, då fyller ein ei sprøyte med 5 ml pasta. Pastaen blir så sprøyta ut rundt stomien eller rundt hòlet på sjølve plata/posen.

Pasta og ring vil absorbere avføring og hindre lekkasje under plata.

For spedbarn og mindre barn blir berre ein liten del av tetningsringen nytta.

Barn som har ein mellombels stomi har ofte ein «blindstomi» ved sida av hovedstomien Det er viktig at det er plass til blindstomien i hòlet som blir klipt til stomien.

Hos spedbarn kan stomiplata klippast til i ytterkantane for å bli tilpassa magen slik at plata ikkje gneg mot lysken eller legg seg over navlen.

Den nye plata/posen blir festa

Når huda rundt stomien er rein og tørr, kan posen festast på huda. Klipp passe stort hol i stomiplata. Hòlet skal vere 1–2 mm større i diameter enn sjølve stomien. Fjern vernefilmen frå plata, og fest plata frå undersida av stomien og oppover. Massér plata godt på plass, spesielt inst mot stomien. Bruk gjerne ein vattpinne. Legg gjerne ei varm hand over stomiplata eit par minutt for at plata skal feste seg godt. Nokre plater blir lettare å feste om dei blir varma mellom hendene før dei blir festa rundt stomien.

Hos spedbarn blir posen festa med opninga til sida, slik at posen er enkel å tømme når barnet ligg.

Teikn på at plata losnar, kan vere eit lyst felt i plata. Blir det nytta tetningspasta, gir denne ein lysare farge på plata, og det kan vere vanskeleg å sjå om plata er losna mot stomien.

Ein bør byte plate/pose kvar andre til tredje dag eller oftare. Mange vel dagleg skift, ofte etter kveldsbadet eller dusj.

Faste rutinar for stomistellet kan redusere stress. Det kan vere formålstenleg og nødvendig å vere to om stellet for sped- og småbarn. Éin trøystar, avleiar og hjelper barnet, medan den andre utfører stomistell. Etter kvart blir barnet vant til stomistell, og det er tilstrekkeleg med éin vaksen.  

Barn med stomi skal vere i rørsle og aktivitet som andre barn. Ikkje ver redd for å leggje barnet på magen. Alle treng å styrkje musklane sine. For å førebyggje lekkasje, kan det vere ein fordel å tømme stomiposen før barnet blir lagt på magen.

Barn med stomi kan trygt festes i bilsete eller vogn med selar. Opplever ein at setebeltet gneg, kan ein polstre med eit lite teppe.

Somme gonger kan det vere nødvendig å gi barnet medisinar i form av stikkpiller. Dette kan vere aktuelt ved høg feber. Dersom barnet manglar endetarmsopning, kan stikkpilla setjast i kolostomien, men alltid etter avtale med lege. Det er å føretrekkje at barnet får medisinar i munnen. Barn med ileostomi kan ikkje få medisin i stomien.

Bruk nettverket dykkar! Dei som blir fortrudde å passe barnet kan også få opplæring i stomistell. Tilsette i barnehage og skule bør få opplæring i stomistell.

Kost

Barn med stomi toler vanlegvis same mat som barn utan stomi. I sped-/småbarnsalderen blir råd frå helsestasjonen følgde. Dersom konsistensen til avføringa blir endra, bør ein tenkje på om visse sortar  mat kan vere årsaka. Enkelte sortar mat kan gi mykje luft, som løk, kål og bønner. Mykje luft i posen kan forårsake lekkasje.

Ved teikn til forstopping eller uvanleg tynn avføring må lege eller stomisjukepleiar kontaktast.

Det er viktig for alle med ileostomi å tyggje maten godt, og unngå mat som er tungt fordøyeleg. Appelsinbåtar, druer, nøtter, asparges, kokos, pop corn, fruktskal, nokre grønsaker og seigt kjøtt kan forårsake stopp i tarmen ved stomien. Barn med ileostomi har «kopla ut» tjukktarmen der salt blir soge opp, derfor er det viktig med salttilskot eller ekstra salt i maten. Væske blir sogen opp i tjukktarmen, og dei som har ileostomi treng derfor ekstra væske. Det er viktig å vere merksam på dehydrering ved sjukdom som diaré og oppkast.

Bading

Alle barn med stomi kan bade, både med og utan pose. Det kan vere godt for huda at posen blir fjerna før bad og dusj. Ulempa vil vere at avføringa kjem ut i badevatnet. Badeolje bør unngåast fordi huda kan bli for feit til å få stomiposen til å feste seg.

Ved bading i symjehall må posen vere på. Mange skifter pose etter bading, men han kan også tørkast varsamt med hårfønar.  

Det er viktig at eldre barn er godt førebudde og forstår bakgrunnen for at han eller ho får stomi. Dette gjer det lettare å akseptere stomien. Stomien vil for mange bety betre livskvalitet. Barn med stomi kan leve eit like aktivt og godt liv som andre.

Openheit viser seg å vere fordelaktig, då omgivnadene får informasjon og barnet slepp utidige spørsmål og kommentarar.

Vi tilrår at foreldre fortel om stomien i barnehagen og barneskulen, og kort om bakgrunnen for at barnet har stomi. Det er fint at foreldregruppa er informert slik at dei kan hjelpe barnet ved behov om han eller ho er på besøk, og at dei kan snakke med sitt eige barn om spørsmål som skulle komme opp.

I ungdomstida ønskjer dei fleste å ha kontroll over kven som får informasjon og kva som blir fortalt. Mange synest det er trygt og fint at berre dei næraste vennene veit om stomien. Andre vel å vere meir opne om situasjonen.

Artikkel i Sykepleien: Stomi kan være ekstra utfordrende for unge

Ver merksam

Prolaps

Tarmen har aktive rørsler. Tarmen kan vrengje seg ut gjennom stomien og han blir lang og hoven. Dette blir kalla stomiprolaps. Kalde kompressar eller melis kan få stomien til å trekkje seg tilbake. Dersom tarmen ikkje trekkjer seg tilbake, han forandrar farge eller det ikkje kjem avføring frå stomien må lege kontaktast.

Av og til vil prolapset komme tilbake fleire gonger og det er behov for operasjon for å feste tarmen.

Problem som kan oppstå med stomi

Ved problem eller bekymring knytt til stomien bør stomisjukepleiar (ved Rikshospitalet/lokalsjukehus) eller fastlege kontaktast.

Sår hud og lekkasjar

Sår hud oppstår vanlegvis på grunn av lekkasje av tarminnhald under stomiplata. Avføring som blir liggjande på huda vil gi sårheit. Tiltak vil vere å optimalisere stomistellet. Vurdering av stomiutstyr og tilleggsutstyr kan vere nødvendig.

Separasjon

Ein sjeldan gong kan stinga som festar stomien til huda losne, og det blir avstand mellom hud og stomi. Dette vil gro av seg sjølv, men stomiutstyret må tilpassast.

Granulomar

Granulomar er små ufarlege utvekstar på stomien. Dei blør ofte lett og dette kan gi problem med lekkasje. Behandling er avhengig av storleiken og eller kva problem granulomane gir.

Granulomane kjem ofte av friksjon mot stomien. Dette er vanleg hos små barn som er aktive.

Trong stomi

Tarmen er henta ut gjennom ei opning i bukveggen og deretter vrengd og sydd fast i huda. Opninga i bukveggen kan somme gonger bli trong. Dette fører til at tarmen ikkje tømmer seg tilstrekkeleg for avføring. Barnet får vondt i magen, utspilt mage og redusert matlyst og lege må kontaktast. Det er viktig å følgje med at stomien tømmer seg regelmessig.

Blod frå stomien

Slimhinna på stomien blør lett. Litt blod ved stomistell er heilt normalt. Aktive barn får ofte små sår eller hoven stomi. Dette vil som regel heile seg sjølv i løpet av nokre dagar. Ved større blødingar frå stomien må stomisjukepleiar eller lege kontaktast.

Brokk

Hos vaksne med stomi er brokk ein vanleg komplikasjon. Barn utviklar sjeldan brokk og det er vanlegvis ikkje behov for tiltak. Brokk kan klemme av tarmen, det er derfor viktig å følgje med på at stomien tømmer seg regelmessig.

Sist faglig oppdatert 27.08.2019

Kontakt

Førde sentralsjukehus Barne- og ungdomsavdeling

Kontakt Barne- og ungdomsavdeling

Oppmøtestad

Vi har flytta inn i nye, flotte lokaler i Livabygget. Vi er framleis å finne i 5. etasje, og du tek trapp eller heis som før. Her finn du barne- og ungdomsavdelinga, føde og gynekologisk sengepost. 

Sengepost:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå korridoren til endes, forbi kafeen og til heishallen. Ta heisen opp i 5 etg. Henvend deg på vaktrommet på Barne og ungdomsavdelinga. 

Poliklinikk:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå rett fram gjennom glasdørene ved respsjonen. Henvend deg i luka til sekretær.

 

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

Blodgjevarar og rørslehemma har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen, nord-aust for Svanabygget som er hovudbygningen ved sjukehuset. På nedsida av parkeringsplassen er det også ladepunkt for el-bil. 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

  • Akuttmedisin:
    Etter avtale på telefon 57 83 90 82.
  • Barneavdeling:
    Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.
  • Kirurgisk:
    Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.
  • Kreft:
    Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.
  • Kvinneklinikken:
    Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.
  • Medisinsk:
    Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.
  • Nevrologisk:
    Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.
  • Ortopedisk:
    13.30-16.00 og 17.30-19.30.