Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Suprapubisk kateter – innlegging, stell og oppfølging

Ved behov for eit inneliggjande kateter som taummetode over tid, bør det vurderast om kateteret skal leggjast suprapubisk. Eit suprapubisk kateter er ein tynn slange som blir ført inn i blæra via eit lite snitt i huda like ovanfor bekkenbeinet (symfysen). Formålet med suprapubiskateter er å sikre at blæra blir tømt for urin.

Tilvising og vurdering

Sjukehus, fastlege eller spesialist kan tilvise deg. Tilvisinga skal innehalde beskrivingar av områda i sjekklista under.

  • Namnet til pasienten, fødselsnummer, korrekt adresse og telefonnummer, eventuelt namn på føresette.
  • Namn, adresse og telefonnummer til den som tilviser pasienten.
  • Diagnosen og beskrivinga til pasienten av korleis plagene påverkar dagleg funksjon knytt til arbeid, utdanning og fritid (fysisk, psykisk og sosialt).
  • Andre forhold som kan påverke rehabiliteringsevna (komorbiditet, inkludert psykiske lidingar og rusmiddelproblem).
  • Oppdatert oversikt over legemiddel i bruk blir vedlagd.
  • Opplysningar om trygde- og arbeidsstatus.
  • Vurder om pasienten har behov for tolk.
  • Dersom aktuelt, gi opplysninger om smittestatus som krev isolasjon på sjukehus (til dømes MRSA, ESBL, VRE).
  • Angi problemstillinga med bakgrunn for tilvisinga så konkret som mogleg. Kva er det konkrete målet til pasienten/motivasjon for rehabiliteringa? Opptrening/rehabilitering er for uspesifikt.
  • Kva tiltak er prøvde ut lokalt i førstelinjetenesta?
    • Kva effekt hadde tiltaka?
    • Kva eigenaktivitet/eigentrening gjer pasienten i det daglege?
  • Har pasienten ein individuell plan?
  • Er pasienten vurdert av spesialist? I så fall må epikrisa leggjast ved.
  • Har pasienten tidlegare motteke rehabiliteringsopphald/poliklinikk/dagtilbod i spesialisthelsetenesta (offentleg/privat) for same tilstand/diagnose?
    • Dersom ja, kva tilbod?
  • Kva har lokale oppfølgingstiltak bestått av i etterkant av rehabiliteringsopphaldet?
  • Kva har tilkomme av nye funksjonstap etter eventuelle rehabiliteringsopphald i spesialisthelsetenesta og/eller lokale oppfølgingstiltak?
  • Epikrise frå siste opphald må leggjast ved.

 

 

Før

Det er vanleg at vi legg inn eit kateter gjennom urinrøyret i forkant av undersøkinga. Dette treng vi for å kunne fylle opp blæra undervegs i prosedyren.

Dersom du bruker noko form for blodfortynnande medisin, må du gi beskjed om dette før vi legg inn kateteret. Det kan vere aktuelt å slutte med denne medisinen før kateteret blir lagt inn.

Under

Du får lokalbedøving, og skal normalt ikkje merke noko.

Eit silikonkateter blir ført inn blæra via eit lite snitt i huda like ovanfor bekkenbeinet. Kateteret blir halde på plass i blæra ved at det blir fylt glyserinblanding (steril væske) i kateterballongen.

Over innstikkstaden blir det lagd på ein bandasje. Kateteret blir festa til ein steril urinpose, som blir festa til beinet ditt.

Etter

Pass på at det ikkje blir drag i kateterslangen! Dette kan unngåast ved å feste kateter og urinpose til beinet. Vi tilrår at skifte av kateter blir gjort på sjukehus.

Første kateterskift:

Du skal skifte til nytt kateter fire til fem veker etter det første kateteret er lagt inn.

Etter første kateterskift:

  • Det er vanleg å byte kateteret med seks til ti vekers mellomrom og det bør ikkje gå lenger enn ti veker mellom byte.
  • Du kan bruke ikkje-sterile posar.
  • No treng du ikkje å behandle innstikkstaden sterilt.
  • Du må gjerne dusje utan bandasje over. La huda rundt tørke godt og legg over ein enkel vernande kompress.
  • Skift bandasjen éin til to gonger i veka, men oftare dersom ho blir fuktig (til dømes etter dusj) eller om ho blir gjennomtrekken av væske frå innstikkstaden.
  • Dersom du ønskjer å bade, må du avklare det med lege.

 

For å verne deg mot bakteriar er god handhygiene svært viktig. Vask hendene både før og etter berøring av innstikkstaden til kateteret, og dessutan før og etter tømming og ved skifte av pose.

Urinposen blir festa til beinet. Du må gjerne byte på kva bein du festar posen til, slik at sida på innstikket blir avlasta regelmessig. Det er viktig at posen ikkje blir festa så stramt at det reduserer blodgjennomstrøyminga i beinet. Urinposen må alltid festast under blærenivå. Unngå knekk på slangen og tøm posen før han blir full. Det er ein opne/stenge-mekanisme i botnen av posen.

Hugs å tørke av urinrestar og stengje tappeopninga etter tømming. Det finst større nattposar, som kan kjøpast på apoteket, for dei som treng det. Nattposen blir kopla til tappeenden av dagposen. Hugs å opne tappekrana på dagposen. Skal du ha kateter over lang tid, tilrår vi at du byter urinposen to veker etter kateterinnlegging og deretter éin gong per veke.

Du kan avtale rutinar for byte av kateter med behandlaren din.

Ver merksam

Same dag som kateteret blir lagt inn bør du ta det litt med ro. Det kan vere greitt å ha treningsfri og ikkje belaste buk og mage meir enn nødvendig.

Vidare kan du leve som normalt.

Moglege problem, symptom og tiltak

Dersom du opplever noko av det følgjande etter at du er skriven ut frå sjukehuset, kan du ta kontakt med fastlegen.

 

Du kan halde blærekapasiteten oppe ved å klemme av kateteret og opne det kvar gong blæra skal tømmast.

Dette kan opplevast som vasslatingstrong eller som urinlekkasje. Det er ikkje farleg, men kan vere ubehageleg. Ta kontakt med fastlegen dersom det blir for plagsamt.

Dette er ikkje uvanleg dei første dagane etter innlegging av kateter. Drikk rikeleg for å unngå at kateteret går tett. Kontakt fastlegen dersom det varer i fleire dagar eller oppstår etter ein lang periode utan blod i urinen.

Symptom kan vere feber, grumsa, illeluktande urin, blod i urinen, smerter og svie over mage-/blæreregionen. Ta med urinprøve til fastlegen. Det er normalt å ha bakteriar i urinen når ein har inneliggjande katetar. Det er berre ved symptom på infeksjon at det er nødvendig å behandle med antibiotika.

Kontakt fastlegen dersom du opplever at stikkstaden er hovent, raudt og det kjem puss ut.

Dersom dette skjer når du ikkje er på sjukehus, kontakt sjukehus eller legevakt raskt.

Dersom du opplever at det er lite urin i posen kan du kontrollere at det ikkje er ein knekk på kateteret eller pose-slangen. Sjekk at posen er plassert under nivået til blæra. Tett kateter kan gi urinlekkasje. Om det siv litt urin ut på magen langs kateteret eller du opplever urinlekkasje i undertøyet må du informere fastlegen. Observer at det kjem urin i posen.

Sist faglig oppdatert 02.05.2023

Kontakt

Kirurgisk avdeling

Kontakt Kirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn oss på Førde sentralsjukehus.
Vi har og sengepost og poliklinikk på Lærdal sjukehus.