Ernæring
Barnet skal faste før operasjonen.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må barnet faste. Dersom barnet ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsette timen.
Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal barnet ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Spedbarn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal barnet unngå drops og tyggegummi, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhold og magesyre. Barnet kan drikke klare væsker fram til 1 time før operasjon/undersøking: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Barnet kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
- Mat og mjølk: Skal stoppast 6 timar før
- Morsmjølkerstatning: Skal stoppast 4 timar før
- Morsmjølk: Skal stoppast 3 timar før
- Drops og tyggegummi, røyk og snus: Skal stoppast 2 timar før
- Klare væsker: Skal stoppast 1 time før
Dersom barnet likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.
Hygiene
Barnet bør dusje eller bade kvelden før operasjonen.
Medisinar
Dersom barnet bruker astmamedisinar, skal desse takast på operasjonsdagen. Ta med astmamedisinane til sjukehuset. Brukar barnet andre medisinar til vanleg, spør legen eller sjukepleiaren om barnet skal ta desse på operasjonsdagen.
Sjukdom
Dersom barnet er forkjølt eller har andre symptom på infeksjon som hoste, feber, diaré og/eller oppkast dagane før operasjon, ta kontakt med avdelinga barnet skal opererast på.
Anna
Ta gjerne med kosebamsen eller noko anna som betyr tryggleik for barnet. Litt større barn kan ha glede av ei favorittbok eller dataspel for å gjere ventetida meir hyggjeleg. Det finst bøker å låne på biblioteket, som handlar om barn på sjukehus som kan vere ei god hjelp i å førebu barnet til å bli lagt inn på sjukehuset.