Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tidleg heim – videooppfølging av nyfødde i heimen

Vi tilbyr oppfølging heime for premature og sjuke nyfødde barn etter utskriving frå nyføddintensiv. Med digital oppfølging kan barn og foreldre reise heim tidlegare.

Oppfølging med videokonsultasjon

Når eit barn som er innlagt på nyfødd intensiv er medisinsk stabilt og klar for det, tilbyr vi at barnet og foreldra kan få reise heim og fullføre etetreninga heime. «Tidleg heim» er eit tilbod om oppfølging med videokonsultasjon til desse pasientane.

Forsking viser at det å vere heime i vande omgivnader er trygt, fremjar amming og er til det beste for familien samla sett. Tilbodet er frivillig og gjeld fram til sonden er fjerna og barnet har stabil vektoppgang.

Utskriving til «Tidleg heim» krev to omsorgspersonar i heimen. På NAVs nettsider kan de lese meir om korleis de kan søke foreldrepengar og pleiepengar, og kva rettar de har.

«Tidleg heim» er aktuelt for:

  • stabile barn utan overvaking
  • barn fødde etter 34. svangerskapsveke
  • barn med stabil vektoppgang
  • barn som har ete om lag 15 ml. sjølv
  • barn som har 2 omsorgspersonar i heimen
  • foreldre som snakkar godt norsk eller engelsk, og har telefon
  • i nokre tilfelle: barn med spesielle behov som ikkje treng overvaking

På nyfødd intensiv

På nyfødd intensiv set vi familien i sentrum. Mens de er i avdelinga vil vi vere opptatte av at de blir godt kjente med barnet dykkar og lærer dykk å tolke dei signala barnet gir.

  • Før heimreise vil de få grundig opplæring i å legge ned sonde og bruke den til sondemating. Avdelinga låner ut nødvendig utstyr, som vekt og brystpumpe. Dette må returnerast til avdelinga når «Tidleg heim»-oppfølginga blir avslutta.
  • De får også informasjon og praktisk opplæring i hjarte-/lungeredning (HLR).
  • Forbruksmateriell bestiller dykk frå kommunen (sjå etter «behandlingshjelpemiddel»). Ver tidleg ute, sidan det kan ta nokre dagar frå de bestiller til varene er framme hos dykk.

Under

«Tidleg heim»-oppfølginga skjer gjennom videokonsultasjonar via Helsenorge. For å starte videokonsultasjonen trykker du på tilsend lenke på SMS eller innkallingsbrev på Helsenorge.no: «Pasientbrev poliklinikk».

Barna blir følgde opp av erfarne spesialsjukepleiarar frå avdelinga. Vi gjennomfører tre videokonsultasjonar i veka, høvesvis måndag, onsdag og fredag mellom 08:00 og 15:00.

Møtet varer vanlegvis mellom 30 og 60 minutt, dette blir justert etter behov. Under sjølve konsultasjonen snakkar vi om amming, sondemating og anna som gjeld barnet. Vi observerer og vurderer barnet saman med dykk, og avtaler vidare plan for etetreninga.

Skulle det vere behov for kontakt utanom avtalte tidspunkt, er de velkomne til å ringe avdelinga når som helst på døgnet.

Etter

Når barnet et sjølv, har god vektoppgang og sonden er fjerna, er det klart for utskriving frå «Tidleg heim».

Etter at de er skrivne ut, vil den vidare oppfølginga vere frå den kommunale helsestasjonen de tilhøyrer, og fastlegen.

Før heimreise har avdelinga etter samtykke frå de kontakta den helsestasjonen som er aktuell for dykk. Vi oppfordrar dykk til å ta kontakt med helsesjukepleiar dersom de ikkje allereie har gjort det. Avtal også heimebesøk, og fortel gjerne at de deltar i «Tidleg heim».

Ver merksam

Ved behov for akutthjelp, ring medisinsk nødtelefon 113.

Sist faglig oppdatert 05.02.2026

Kontakt

Førde sentralsjukehus Barne- og ungdomsavdeling

Kontakt Barne- og ungdomsavdeling

Oppmøtestad

Vi har flytta inn i nye, flotte lokaler i Livabygget. Vi er framleis å finne i 5. etasje, og du tek trapp eller heis som før. Her finn du barne- og ungdomsavdelinga, føde og gynekologisk sengepost. 

Sengepost:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå korridoren til endes, forbi kafeen og til heishallen. Ta heisen opp i 5 etg. Henvend deg på vaktrommet på Barne og ungdomsavdelinga. 

Poliklinikk:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå rett fram gjennom glasdørene ved respsjonen. Henvend deg i luka til sekretær.

 

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

Blodgjevarar og rørslehemma har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen, nord-aust for Svanabygget som er hovudbygningen ved sjukehuset. På nedsida av parkeringsplassen er det også ladepunkt for el-bil. 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

  • Akuttmedisin:
    Etter avtale på telefon 57 83 90 82.
  • Barneavdeling:
    Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.
  • Kirurgisk:
    Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.
  • Kreft:
    Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.
  • Kvinneklinikken:
    Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.
  • Medisinsk:
    Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.
  • Nevrologisk:
    Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.
  • Ortopedisk:
    13.30-16.00 og 17.30-19.30.