Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tourettes syndrom

Tourettes syndrom er ei rørsleforstyrring som fører til ufrivillige muskelrørsler eller lyder, betre kjent som tics. For nokon er ticsa sosialt belastande og kan føre til isolasjon. For andre kan ticsa føre til fysisk ein blir sliten, får store smerter i musklane og i verste fall til at ein får kroniske muskel- og skjelettskadar.

Tourettes syndrom er en tilstand med tilbakevendende tics. Et tic er en ufrivillig, plutselig, rask, gjentagende, ikke-rytmisk bevegelse eller lyd.

Les meir på helsenorge.no

Tics

Det er vanleg at ein person med Tourettes syndrom har lært seg å undertrykke eller skjule ticsa, men dette kan også føre til spenningar eller smerter i kroppen og påverke konsentrasjon og funksjon. Det finst medisinar som lindrar ticsa, men det finst også medikamentfrie behandlingsmetodar.

Utgreiing

Det er viktig med tilstrekkeleg diagnostisk kompetanse for å kunne identifisere tics, og skilje tics frå andre rørsler eller lyder. Vi kartlegg ticsa enten ved observasjon, videoopptak eller kartleggingsskjema. Dette gjer vi for å få oversikt over ticsa, slik som typar av tics, hyppigheit og styrke (intensitet) i ticsa.

Pålitelege opplysningar om korleis ticsa har utvikla seg, er avgjerande for å stille rett diagnose. Dette inneber spørsmål som for eksempel:

  • når starta ticsa (kor gammal var du)?
  • kva var det første ticset?
  • kva typar tics har du nå?
  • varierer dei i styrke?
  • kor hyppige er dei?

Vidare vil vi kartlegge om det er andre i familien/slekt som har tics. Kartlegginga omfattar også kor plagsame ticsa blir opplevd, som for eksempel:

  • får du vondt i kroppen eller blir du utsliten?
  • forstyrrar ticsa konsentrasjonen din?
  • synest du det kan vere flautt å ha tics?
  • er det nokon situasjonar du vanlegvis er i som gjer at du får fleire tics?

Barn kan underrapportere eller undertrykke tics ved første konsultasjon. Det er derfor viktig at både foreldre og barnet er til stades. Nøye kartlegging av tics er viktig, for å kunne utelukke andre årsaker til rørslene.

Det kan ofte vere andre tilstandar/symptom til stades ved Tourettes syndrom, spesielt ADHD og tvangssymptom/tvangsliding (OCD). ADHD og tvangssymptom, og symptom på angst, stemningslidingar, åtferdsvanskar og søvnproblem bør greiast ut, og ved behov sette i gang behandling/tiltak for dette. Det kan også bli aktuelt med utgreiing av eventuelle lærevanskar.

Behandling

Vi vurderer kva behandling som passar best i kvart enkelt tilfelle. Målet er å redusere tics eller få betre kontroll over ticsa, slik at barnet kan fungere betre i kvardagen og på sosiale arenaer.

All behandling av tics er symptomatisk. Det vil seie at vi behandlar symptoma og ikkje årsaka til at ein person har tics. Ikkje alle treng behandling for sine tics. Dersom ticsa ikkje blir opplevd plagsame eller er forstyrrande på nokon som helst måte, er det ikkje nødvendig med behandling.  Da held det som regel med informasjon om kva Tourettes syndrom og tics er, og om årsaker og korleis ein best kan forhalde seg til ticsa, både til barnet og foreldre. Alle skal få slik informasjon/opplæring.

Om ticsa er meir plagsame kan behandling enten med medisinar eller ikkje-medikamentelle metodar, eller ein kombinasjon av desse, vere aktuelt. Ikkje-medikamentell behandling ein gan gi er Tics-kontrollerande trening, som på engelsk heiter Habit Reversal Training.

Tics-kontrollerande trening går ut på at når ein kjenner dette ubehaget i kroppen før ticset, så skal ein gjere ei anna alternativ rørsle i staden for ticset som gjer at ein ikkje kan utføre ticset. Denne behandlinga krev mykje trening på slike alternative rørsler til ticsa. Derfor er det viktig at det er ein sjølv som ønsker og er motivert for ei slik behandling.

Dersom ein har andre symptom som ADHD eller tvangssymptom som avgrensar eller plagar ein i stor grad, så blir det anbefalt at ein behandlar desse før eventuell tics-kontrollerende trening.

Oppfølging

Tics kan ofte endre seg / forverrast i løpet av barne- og ungdomsalderen. I tillegg kan Tourettes syndrom førekomme med andre lidingar. For eksempel kan tvangssymptom/tvangsliding debutere seinare enn tics. Det kan bety at ein pasient med Tourettes syndrom som er skrive ut frå BUP, kan ha nytt behov for helsehjelp seinare på grunn av forverring av tics eller sameksisterande tilstandar. Det blir anbefalt i Kunnskapsbasert retningslinje for Tourettes syndrom at terskelen bør vere låg for at pasientar skal få fornya helsehjelp frå spesialisthelsetenesta.

Overgangar, for eksempel mellom barnehage og skole, og skifte av skole, kan vere utfordrande for mange. Av og til kan tics forverrast i slike periodar. Det vil derfor ofte vere ugunstig å planlegge utskrivingar i overgangsperiodar.

Personar med Tourettes syndrom kan ofte ha samansette vanskar, og dermed ha behov for hjelp frå fleire hjelpeinstansar samtidig. Oppfølging i førstelinjetenesta, som kommunale helse- og omsorgstenester og skole, vil ofte spele ei viktig rolle. Der det er behov for det, bør det gjennomførast samarbeidsmøte mellom spesialisthelsetenesta og kontaktperson i kommunen, for å sikre at kontakt er oppretta.

Sist faglig oppdatert 24.04.2024

Kontakt

Førde sentralsjukehus Barne- og ungdomsavdeling

Kontakt Barne- og ungdomsavdeling

Oppmøtestad

Vi har flytta inn i nye, flotte lokaler i Livabygget. Vi er framleis å finne i 5. etasje, og du tek trapp eller heis som før. Her finn du barne- og ungdomsavdelinga, føde og gynekologisk sengepost. 

Sengepost:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå korridoren til endes, forbi kafeen og til heishallen. Ta heisen opp i 5 etg. Henvend deg på vaktrommet på Barne og ungdomsavdelinga. 

Poliklinikk:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå rett fram gjennom glasdørene ved respsjonen. Henvend deg i luka til sekretær.

 

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

Blodgjevarar og rørslehemma har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen, nord-aust for Svanabygget som er hovudbygningen ved sjukehuset. På nedsida av parkeringsplassen er det også ladepunkt for el-bil. 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

  • Akuttmedisin:
    Etter avtale på telefon 57 83 90 82.
  • Barneavdeling:
    Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.
  • Kirurgisk:
    Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.
  • Kreft:
    Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.
  • Kvinneklinikken:
    Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.
  • Medisinsk:
    Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.
  • Nevrologisk:
    Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.
  • Ortopedisk:
    13.30-16.00 og 17.30-19.30.