Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Trang forhud - operasjon hos vaksne

Dersom forhuda er for stram til å kunne bli trekt tilbake over hovudet på penis (glans) utan ubehag, kan det vere grunn til å operere forhuda. Trong forhud kan gi smerter og problem med hygiene og vasslating.

Før

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før



Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. 

Hygiene

Det er viktig med god hygiene før operasjonen for å førebyggje infeksjon. Du skal derfor dusje før du kjem til operasjonen. Forhuda blir trekt tilbake så godt det lèt seg gjere for god reingjering.

Medisinar

Du kan ta medisinane dine som vanleg. Brukar du blodfortynnande medisin må du ta kontakt med behandlingsstaden eller fastlegen din for rettleiing.

Under

Inngrepet blir utført i narkose eller lokalbedøving. Du får eventuelt eit avslappande medikament i tillegg. Operasjonen blir vanlegvis gjord dagkirurgisk. Du kan då reise heim kort tid etter inngrepet. Stinga forsvinn av seg sjølve etter ei tid.

Etter

Etter at operasjonen er ferdig blir du flytta til ei oppvakningsavdeling. Vanlegvis kan du reise heim kort tid etter at operasjonen er avslutta. Du må rekne med ein del hevelse, og at operasjonsområdet blir raudt og ømt ei tid etter operasjonen. Det kan også svi når du lèt vatnet dei første dagane. Etter operasjonen kan du bruke ei salve som verkar bedøvande, bakteriedrepande og antiallergisk, og i tillegg dempar hevelsen.

Intimstell

God hygiene med dusj er viktig for å unngå betennelse. Dersom du har bandasje kan denne skiftast ved behov dei første dagane, og etter kvart blir fjerna. Ved sårheit kan du smørje på litt salve. Dagen etter operasjonen må du trekkje forhuda varsamt fram og tilbake nokre gonger. Dette må du gjere dagleg i ei tid framover.

Samleie

Du bør unngå samleie 3-4 veker etter operasjonen, til såret er godt grodd. Ved sårheit kan det hjelpe å bruke kondom.

Sist faglig oppdatert 06.01.2026

Kontakt

Kirurgisk avdeling

Kontakt Kirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn oss på Førde sentralsjukehus.
Vi har og sengepost og poliklinikk på Lærdal sjukehus.