Undersøkinga krev ingen førebuingar.
Ultralyd av pulsårane i beina
Ved ultralydundersøkelse brukes lydbølger (ultralyd) som sendes inn i kroppen. Lydbølgene reflekteres tilbake fra ulike typer vev, og signalene brukes til å lage bilder og måle blodstrøm. Undersøkelsen kan sammenliknes med et ekkolodd.
Ultralyd kan brukast til å vurdere pulsårane ved mistanke om forsnevringar (åreforkalkingar) eller annan karsjukdom. Undersøkinga viser både forandringar i blodårane og korleis desse påverkar blodstraumen.
Før
Under
Undersøkinga startar med ein gjennomgang av symptom og sjukehistorie. Deretter blir pulsen undersøkt, og blodtrykket blir målt i beina.
Viss blodtrykket i beina er normalt i kvile, kan du bli beden om å gå på ei tredemølle. Ved forsnevringar i pulsårane kan blodtrykket i beina falle under belastning, noko som kan målast.
Til slutt blir pulsårane undersøkte med ultralyd. Da fører vi eit instrument langs huda frå lysken og ned på leggene. På denne måten kan vi påvise forsnevringar av pulsårane.
Funna blir samla vurderte for å avgjere om det er behov for behandling, og kva behandling som eventuelt er aktuell.
Gjer det vondt?
Undersøkinga er smertefri
Kor lenge varer undersøkinga?
Undersøkinga kan vare opptil 45 minutt.
Etter
Du kan reise heim eller tilbake til arbeid etter undersøkinga.
Det er ingen ubehag eller kjente komplikasjonar og du kan ha normalt aktivitetsnivå.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Medisinsk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde