Kontrast-ekkokardiografi
Ultralyd av hjartet med kontrastmiddel
Kontrast-ekkokardiografi er ultralyd av hjartet der det i tillegg blir gitt kontrastvæske som gjer detaljar i bilda frå ultralyden tydelegare. Undersøkinga blir utført som tilleggsundersøking hos enkelte pasientar for å få tydelegare bilde av strukturane til hjartet.
Før
Undersøkinga krev ingen førebuingar.
Under
Du ligg i sideleie på ein benk under undersøkinga. Kontrastvæska blir gitt via ein venekanyle i blodåra i armen.
Å få kontrastmiddel medfører ikkje ubehag for deg. Dersom du er allergisk mot innhaldsstoffa i kontrastvæska eller har monaleg forhøgt blodtrykk i lungekretsløpet skal du ikkje ha kontrastvæske.
Undersøkinga tar vanlegvis 30–45 minutt.
Etter
Du blir observert i 15 til 30 minutt etter undersøkinga.
Legen må gjere ein inngåande analyse av svara på undersøkinga. Svar blir sendt til visande avdeling, sjukehus eller fastlege innan ei veke.
Ver merksam
Kontrastmiddelet medfører ikkje ubehag og gir svært liten risiko brukt etter vanleg retningslinjer. Kontrastmiddelet skal brukast med aktsemd hos pasientar med alvorleg hjartesvikt.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Medisinsk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde