Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
permanent urinkateter (KAD)

Urinveiskateter og heimebehandling

Eit blærekateter er ein tynn dreneringsslange som blir lagd inn i blæra via urinrøyret. Urin frå blæra blir ført via slangen ned i ein pose som er festa på beinet eller på eit stativ. Formålet med kateteret er å tømme blæra fullstendig for urin.

Det er mange ulike årsaker til at ein har behov for å legge inn kateter i urinblæra.  
Eksempel på dette kan vere blæretømmingsproblem, der engangskateterisering ikkje kan nyttast, for eksempel ved veldig stort blærevolum, for å avlaste urinblæra ein periode. Det kan vere etter kirurgi i urinvegane, eller ved trongheit i urinrøyret som gjer at vasslatinga er problematisk. Det kan også vere nevrologiske lidingar eller skadar som rammar urinblæra og blæras tømmingsevne.   

Anatomisk plassering av kateterslange hos mann og kvinne. Grafikk.

Illustrasjon: Colourbox.com

Tverrsnitt av mannleg og kvinnleg kropp som viser korleis eit urinkateter er plassert i urinblæra gjennom urinrøyret.

 

Praktisk rettleiing ved bruk av urinkateter

Hygiene 

Det er viktig med god handhygiene før og etter all berøring av kateter og kateterpose.  

Underlivet bør vaskast med mild såpe og lunkent vatn både morgon og kveld. Du kan gjerne dusje, men vi anbefaler ikkje karbad. Vask kateteret reint med lunkent vatn dersom det er slim eller skorpedanning på dette.  

Menn 

Trekk forhuda tilbake. Vask katetar, penishovud og forhud. Tørk forsiktig og trekk forhuda fram. 

Kvinner 

Skil kjønnsleppene frå kvarandre. Vask urinvegsopninga og kateteret. Vask framanfrå og bakover mot endetarmen. Tørk forsiktig. 

Plassering av kateterposen 

For å unngå skade på urinrøyret må kateterslangen festast på ein slik måte at han hindrar rørsle og drag på kateteret. Fest på skrå mot lysken/hoftekammen i ei U-form, enten med teip/plaster eller ein spesiell kateterfestar. Unngå knekk eller klem på drenasjen. Urinen skal strøyme uhindra. For å hindre tilbakestrømming av urin, må posen alltid oppbevarast under blærenivå.  
 
Posen bør alltid oppbevarast slik at tappekrana ikkje er i berøring med golvet. Bruk ei elastisk truse som held kateteret i rett posisjon. Bruk elles laustsittande klede, eller påkledning som ikkje hindrar urinen i å renne fritt ned i posen dersom kateteret er kopla til urinpose. 

Illustrasjon som viser hvordan kateterslangen festes i en bue mot lysken for å unngå drag, og hvordan urinposen bæres på låret.

Illustrasjon: KI-generert illustrasjon.

Plassering av kateterposen 

 

Urinposen 

Det finst to typar posar, ein som kan festast til lår eller legg på dagtid, og ein større pose som kan koplast vidare på lårposen til natta. Du skal aldri opne koplinga heilt inn mot kateteret for å kople til nattpose. 

Urinposen skal ikkje skiftast dei første 14 dagane etter innlegging av kateter. Vi anbefaler ikkje å skifte urinposen regelmessig, berre ved medisinske årsaker.  

Kva og kor mykje bør du drikke? 

Når du har kateter kan det bli litt grums i urinen. Drikk derfor godt, ca. 1,5-2 liter per døgn (om ikkje lege har gitt annan beskjed) for å sikre god gjennomskyljing med urin i kateteret. Drikk det du har lyst på, men gjerne drikk vatn. 

Bakteriar i urinen 

Når du har eit kateter vil du få bakteriar i urinblæra. Dette i seg sjølv er ikkje farleg, og er heilt normalt. Om du skulle få feber- og eller frysningar, smerter over rygg eller mage, eller kjenne deg dårleg må du ta kontakt med lege.  

Urinprøve frå kateter 

Dersom du skal ta urinprøve er det viktig at denne ikkje blir tatt direkte frå urinposen. Posen vil alltid innehalde bakteriar som kan gi eit feilaktig svar på bakteriemengde/type. Derfor er det formålstenleg at fastlege, heimesjukepleiar eller anna helsepersonell hjelper deg med dette. 

Seksualliv 

Du kan tilfredsstille deg sjølv seksuelt sjølv om det ligg eit kateter i urinblæra. Det er også mogleg å gjennomføre samleie, men det er praktisk vanskeleg. Be om å få ein time hos uroterapeut om du ønsker råd og rettleiing om dette. 

Kva skal du observere etter at kateteret er fjerna? 

Vannlatning 

Dersom du drikk normalt bør du ha late vatnet i løpet av 4 timar etter at kateteret er fjerna. Det kan svi litt dei første gongene du lèt vatnet og du vil kanskje gå litt oftare for å tømme blæra enn vanleg. Kjenn etter om du får tømt blæra godt. Kjenner du at det er vanskeleg å tømme blæra, må du kontakte helsepersonell for å få hjelp. 

Urinlekkasje 

Det kan bli litt lekkasje dei første dagane. Bruk evt. eit lite truseinnlegg for å unngå at det kjem urin i buksene. 

Blod i urinen 

Det er ikkje uvanleg å sjå blod i urinen. Drikk meir enn vanleg for å få auka urinproduksjon som bidrar til god gjennomskyljing i urinblæra. 

Urinvegsinfeksjon 

Har du smerter ved vannlatning, hyppig vasslatingstrong, eller smerter i nedre del av magen og feber, kan det vere teikn på urinvegsinfeksjon. Ta kontakt med fastlegen og levra di urinprøve. 

Kontroll og oppfølging 

Når kateteret skal kontrollerast, blir skifta eller fjerna, må det avtalast ein time på førehand. Dette kan du gjere gjennom fastlegen, heimesjukepleia eller sjukehuset. Sjølve tidspunktet for kateterskift blir avtalt individuelt. 

Utstyr og leverandør 

Når du har kateter, sørger vi for at du får resept på det utstyret du treng. Du får informasjon om kva apotek eller bandagister som kan levere utstyret, og korleis du kan kontakte dei. Om du ikkje kan bestille utstyret sjølv, kan helsepersonell hjelpe deg. 

Sist faglig oppdatert 02.10.2025

Kontakt

Kirurgisk avdeling

Kontakt Kirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn oss på Førde sentralsjukehus.
Vi har og sengepost og poliklinikk på Lærdal sjukehus.