Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Urodynamisk undersøking

Ved ei urodynamisk undersøking måler og registrerer vi trykket i urinblæra under fylling og tømming. Undersøkinga tek vanlegvis 1 time.

Undersøkinga bli gjord av ein uroterapeut eller sjukepleiar, og det blir laga ein rapport over resultata som blir vurderte av ein lege i ettertid.

Før

Det er viktig at du ikkje har pågåande urinvegsinfeksjon når du blir undersøkt. Du må derfor ta ein urinprøve hos fastlegen 14 dagar før undersøkinga og starte behandling dersom du har infeksjon.

Dersom du tek tablettar for vasslatinga, er det viktig at du sluttar med desse 5 dagar før undersøkinga.

Det er ønskjeleg at du møter med trong til å late vatnet (dette gjeld ikkje dersom du har innlagt kateter).

Under

Sjølve undersøkinga skjer ved at eit tynt kateter/plastrøyr blir ført gjennom urinrøyret inn til blæra. Du får også sett inn eit kateter i endetarmen. Urinblæra blir så fylt med vatn, og dei ulike forholda i blæra blir registrert på ein dataskjerm. Til slutt ber vi deg late vatnet. Undersøkinga er ikkje smertefull, men kan av og til opplevast litt ubehageleg.

Etter

Det er ikkje nødvendig med bedøving, og du kan køyre bil etterpå. Du bør drikke litt ekstra etter undersøkinga, men vanlegvis er det ingen etterverknadar av undersøkinga.

Dersom du får svie ved vasslating utover neste dag, bør du levere ein urinprøve til fastlegekontoret ditt. Det kan vere teikn på urinvegsinfeksjon.

Sist faglig oppdatert 12.09.2024

Kontakt

Kirurgisk avdeling

Kontakt Kirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn oss på Førde sentralsjukehus.
Vi har og sengepost og poliklinikk på Lærdal sjukehus.

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.