Utgreiing av lungesjukdommar
Utgreiing av lungesjukdommar er aktuelt ved mistanke om sjukdom eller har ein kjend diagnose. Utgreiinga er tilpassa pasientar med symptom/sjukdom i nedre luftvegar (luftrøyret, bronkiar og lungene).
Før
Når du skal greiast ut for lungesjukdommar må du ta med liste over dei faste medisinane dine. Avhengig av kva undersøkingar som skal gjerast, kan det kunne vere aktuelt med førebuingar heime. Dette blir du informert om ved innkallinga til timen.
Det kan vere at du skal stoppe med allergitablettar eller astmamedisin. Dersom det ikkje er gitt beskjed om anna, skal du ta medisinane dine som føreskrive.
Under
Utgreiinga er tverrfagleg. Det betyr at du møter fleire yrkesgrupper i løpet av utgreiinga. Du kan til dømes møte sjukepleiar, lege, ergoterapeut, fysioterapeut, klinisk ernæringsfysiolog og sosionom.
Korleis vi set saman teamet og utgreiinga kjem an på informasjon om sjukdomshistoria di (som vi får i tilvisinga frå fastlegen din).
Utgreiinga kan skje ved oppmøte éin dag eller at du må vere på sjukehuset over fleire dagar. Det kjem fram frå innkallinga di om du skal vere hos oss éin dag eller fleire.
Å stille ein diagnose kan vere utfordrande. Det kan vere at du må gjennom fleire ulike undersøkingar og testar.
Aktuelle undersøkingar/testar er:
Etter
Funna i utgreiinga dannar grunnlag for ein plan for vidare oppfølging av deg.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Medisinsk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde