Etter å ha fått diagnosen vaskulær demens, er det viktig å leggje til rette for best mogleg meistring av situasjonen for pasient og pårørande gjennom:
- Opplæring av pasient, pårørande og eventuelt helsepersonell rundt pasienten. Denne gruppa vil ha ulike grader av fysisk og mental svekking, avhengig av kva delar av hjernen som er ramma av vaskulære hendingar.
- Tilpassa mental og fysisk aktivitet.
- Tid – sjukdommen artar seg slik at den som har fått han blir generelt tregare, både fysisk og mentalt og vil ha behov for meir tid til det meste.
- Tidleg samtale om viktige framtidige avgjerder om medisinar, økonomiske og juridiske spørsmål, forskingsdeltaking og liknande.
- Språk – dersom vaskulær demens er resultat av hjerneslag kan dette føret til lammingar og problem med språk.
- Vurdering av helsekrav for førarkort.
Nasjonalforeininga for folkehelsa har mange tilbod.
Redusere risiko
Ein viktig del av oppfølginga er risikoreduserande tiltak innanfor desse områda.
- Leggje til rette for god søvn.
- Førebyggje depresjon (til dømes gjennom lysbehandling eller fokusere på interesser og meiningsfull aktivitet for å motverke passivitet).
- Ved vaskulær demens vil det vere svært viktig å førebyggje hjarte– og karsjukdom, fokusere på kosthald og fysisk aktivitet for å førebyggje. Røyking og alkohol vil også auke risikoen for nye vaskulære hendingar.
- Spesielt merksemd på blodtrykk, blodsukker og kolesterol.
- Sikre at medikament blir tekne som forordna.
- Få tilrettelagd hjelp ved eventuelle språkvanskar (logoped, tekniske hjelpemiddel).
- Betring av syn og høyrsel.
Situasjonen til dei pårørande
Når ein person får diagnosen vaskulær demens, kan det opplevast krevjande for dei pårørande. Sjukdommen kan innebere at den nærmaste må yte mykje ekstra omsorg. Som nærmaste pårørande speler du ei stor rolle i livet til personen med vaskulær demens, så det er viktig at du tek vare på deg sjølv og di eiga helse.
Du kan ha auka risiko for søvnvanskar, depresjon og andre helseplager. Alle pårørande treng tid utan omsorgsansvar, og det er viktig å få og ta imot hjelp. Det kan vere å få meir kunnskap gjennom pårørandekurs og avlastande tiltak frå familie, venner, aktivitetsvenn, dagsenter, korttidsopphald eller liknande/anna.
Trass utfordringar er det viktig å leggje til rette for gode stunder saman. Det kan hjelpe å lage ei liste over situasjonar og aktivitetar som har gitt og framleis kan gi glede.
Kunnskap om sjukdommen
Kunnskap om sjukdommen er viktig. Oppfølging frå kommune- og spesialisthelseteneste bør innebere tilbod om opplæring til pasient og pårørande. Mange kommunar har tilbod om pårørandeskule. Kommunane skal også ha eit tilrettelagt aktivitetstilbod for pasientgruppa. Kvar kommune har eigne Hukommelsesteam/demenskoordinator som har oversikt over dei ulike tilboda for pasient– og pårørandegruppa. Ein kan ta kontakt med desse.
Du kan lese meir om symptom, undersøkingar og behandlingstiltak i den nasjonale retningslinja:
Demens – Helsedirektoratet