Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Innlegging av veneport

Veneport (VAP) er ein type kateter som blir brukt til å gi medisinar og væske. Den består av eit lite kammer som blir operert inn under huden på brystet.

Veneporten blir operert inn under huda på brystkassa. Operasjonen skjer inne på operasjonsavdelinga. Det er legen som har tilvist deg som avgjer kva side på brystkassa veneporten bør plasserast. 

Inngrepet vert utført med lokal bedøving. I tillegg kan du få litt avslappande medisin. Inngrepet tek om lag 30-60 minutt, og er vanlegvis ikkje smertefullt men kan opplevast litt ubehageleg.

Det er ein person tilstades heile tida, for å passe på at du har det bra mens veneporten blir operert på plass. Gje beskjed undervegs dersom du treng meir bedøving eller beroligande medisinar. 

Du må dusje og ta på deg reine klede om morgonen før du kjem til sjukehuset. Før du skal inn på operasjonsavdelinga får du skifte om til sjukehusklede. Dette for å unngå infeksjon i operasjonssåret. 

Gå først til laboratoriet for å ta blodprøve dersom ikkje anna er avtalt, eller du har teke desse på førehand. Vi må ha svar på blodprøvene før veneporten kan leggast inn. 

Du kan ete lett frokost innan klokka 8 den dagen du skal få lagt inn veneporten. Du kan også drikke klare væsker som til dømes vatn, saft, brus, te, eplejuice eller kaffi utan fløyte inntil to timar før inngrepet. 

Etter operasjonen får du brødskiver, saft, kaffi eller te på oppvakninga. 

 

Du får 4-6 sting på bringa og 1-2 sting på halsen. Desse kan fjernast etter omlag 10 dagar på ditt lokale legekontor. Du må sjølv bestille time for å gjere dette. 

Du kan ikkje køyre bil samme dagen som ingrepet blir utført.

Dersom operasjonssåret blir raudt, hovent eller smertefullt, må du ta kontakt med vakthavande lege på ditt lokale legekontor for å få kontrollert såret.

Dersom du har spørsmål, kan du kontakte oss på telefon. 

Dagkirurgisk senter
57 83 95 60 eller 57 83 91 00
Kreftpoliklinikken
57 83 93 24
Sist oppdatert 19.05.2025