Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Biopsi

Vevsprøver fra prostata

Vevsprøve, også kalt biopsi, er uttak av vevsbitar for å kartlegge vevstype. Når vi tar ut vevsbitar frå prostata blir ultralyd brukt som eit rettleiande hjelpemiddel.

Før

Du skal ta ei blodprøve (PSA-prøve) før timen. 

Dersom du bruker blodfortynnande tablettar må du ta kontakt med poliklinikken for å avklare om når du skal slutte med desse, og om du eventuelt må ta blodfortynnande sprøyter i staden for.  Albyl-E kan du halde fram med.

Under

I samband med undersøkinga må du ta antibiotikatablettar for å unngå infeksjon. Desse tablettane får du på poliklinikken.

Undersøkinga føregår ved at legen fører ein ultralydsonde opp i endetarmen. Vevsprøvene blir tatt via perineum (mellomkjøttet, altså huden mellom endetarmsåpninga og pungen). Det blir tatt ut fleire prøver som seinare skal undersøkast i mikroskop for å sjå om dei inneheld kreftceller.

Undersøkinga blir gjort i lokalbedøving og medfører som regel lite smerte.

Etter

Etter vevsprøvetakinga kan du reise heim.

Blod i urin, avføring eller sædvæske er vanleg etter vevsprøvetakinga og vil forsvinne etter nokre veker.

Vidare behandling eller oppfølging blir bestemt ut frå svaret på vevsprøva.

Ver merksam

Ta kontakt med lege med ein gong dersom du får smerter eller feber.

Sist faglig oppdatert 21.01.2025

Kontakt

Kirurgisk avdeling

Kontakt Kirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn oss på Førde sentralsjukehus.
Vi har og sengepost og poliklinikk på Lærdal sjukehus.

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.