Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vridd testikkel - testistorsjon hos barn og unge

Testistorsjon er ei vriding (torkvert) av sædleiaren og karstrukturane til testikkelen. Førekjem hyppigast hos gutar i alderen 10–25 år, men kan førekomme hos gutar i alle aldrar. Tilstanden kan komme etter leik eller sportsleg aktivitet. Ta omgåande kontakt med lege eller legevakt ved symptom på vridd testikkel. Ein akutt operasjon kan vere nødvendig for å bevare testikkelen.

Symptom

Vridinga gir akutt og sterke smerter i pungen på den aktuelle sida, eventuelt med utstråling av smerter oppover lysken og nedre del av magen. Smertene er konstante og som regel følgde av kvalme, brekkingar og etter kvart hevelse i pungen. Årsaka til smertene er avklemming av blodtilførselen til testikkelen.

Tilvising og vurdering

Du blir tilvist for innlegging på sjukehus via fastlege eller legevakt som akutthjelp.

Utgreiing

Undersøking

Grada av vriding er avgjerande for skaden det medfører. Det er derfor viktig å få behandling raskt. Det blir i nokre tilfelle tekne ultralyd for å sikre korrekt diagnose, men dette er ikkje påkravd før operasjon. Operasjonsindikasjon blir vanlegvis stilt ut frå symptom og kliniske funn. Ved tvil om diagnosen blir gjerne tilrådd å operere for å sjå om testistorsjon ligg føre.

Operasjon

Operasjon må utførast innan 6 timar for å unngå varig skade på testikkelen. Operasjonen blir utført i narkose. Du må derfor vere fastande.

Behandling

Sjølve operasjonen

I narkose blir huda opna i pungen med eit lite snitt. Testikkelen detorkveres (blir rotert tilbake) og testikkelen blir sydd fast til innsida på pungen for å redusere risiko for ny torsjon seinare. For å unngå testistorsjon på motsett testikkel, blir den sydd fast under same operasjon.

For somme har grada av vridinga vore stor og gått føre seg over for lang tid. Celler og vev i testikkelen er då døde (nekrotisert). Testikkelen blir fjerna.

Såret blir sydd med sting som forsvinn av seg sjølv og blir dekt med gjennomsiktig plaster (tegaderm).

Hygiene

Les meir om stell av operasjonssåra:

Oppfølging

Smertestillande

Det er vanleg å ha noko smerter etter denne operasjonen. Vårt råd er å ta paracetamol, eventuelt ibuprofen, til faste tider operasjonsdagen og neste dag. Deretter ved behov. Følg tilvising som legen har gitt.

Aktivitet

Du skal ikkje drive fysisk aktivitet i 2–3 veker etter operasjonen. Dette gjeld gym, fysisk aktivitet utanom skuletida, inkludert symjing. De får med stadfesting til skulen om gymfritak. Små barn regulerer sin eigen aktivitet, dei kan leike og bevege seg fritt etter operasjonen.

Kontroll

Det er vanlegvis ikkje nødvendig med kontroll. For deg som har fått fjerna testikkelen, kan du få tilbod om protese seinare.

Ver merksam

Kontakt sjukehuset dersom du får nokre av desse plagene:

  • bløding frå såra
  • væsking frå såra
  • aukande hevelse, raudheit eller smerte frå såra
  • sjukdomskjensle
  • feber
Sist faglig oppdatert 04.01.2024

Kontakt

Kirurgisk avdeling

Kontakt Kirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn oss på Førde sentralsjukehus.
Vi har og sengepost og poliklinikk på Lærdal sjukehus.