Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilvising

For å komme i kontakt med ​eBehandling kan du få tilvising frå fastlege eller din behandlar i spesialisthelsetenesta. For å motta veileda internettbehandling må du vere over 18 år.

illustrasjon tilvising som viser eit par i dialog med ein mann. Dei sit rundt ein kontorpult

Du kan og sjølv søke om behandling på helsenorge.no:

Logg inn på helsenorge.no for å sende inn søknadsskjema for tilbod i ​eBehandling​

​eBehandling er eit behandlingstilbod for pasientar i Helse Vest, og vi held til ved Førde Sentralsjukehus. Vi tek også imot pasientar frå andre helseregionar, men vi gjer merksam på at pasientar utanfor Helse Vest berre vil få eit tilbod når det er ledig kapasitet i ​eBehandling. 

Frå andre regionar enn Helse Vest må tilvisinga gå via spesialisthelsetenesta. Pasienten må der være utgreidd og ha fått diagnose panikkliding, sosial angst eller moderat depresjon.

Tilvisingar vert tekne imot per brev eller som elektronisk tilvising.

Adresse:

Helse Førde HF
eMeistring
Postboks 1000
6807 Førde

Ring oss gjerne på telefon 57 83 94 70 dersom du har spørsmål om tilvisingar til ​eBehandling.

  • ​eBehandling vurderer om pasienten har rett til nødvendig helsehjelp dersom tilvisinga ikkje kjem frå spesialisthelsetenesta.
  • Pasientar som ut frå tilvising verkar å kunne være aktuelle for behandling vil som hovudregel få tilbod om ein vurderingssamtale hjå ​eBehandling innan 2-3 veker. ​eBehandling held til ved Førde sentralsjukehus. Pasientane kan møte her for vurderingssamtale(r), eller få gjennomført dette på video.
  • ​eBehandling har ikkje akuttilbod. Dersom det skulle oppstå auka risiko for sjølvmord eller mistanke om utvikling av alvorlig psykisk liding hjå pasientar under behandlinga i ​eBehandling skal pasienten bli ivaretatt av den lokale spesialisthelsetenesta. ​eBehandling må på førehand ha fått kontaktinformasjon til lokal DPS. Ved behov for vurdering av sjølvmordsfare eller utvikling av alvorleg psykisk liding vil ​eBehandling ta kontakt med pasienten sitt lokale DPS og tilvise til akuttvurdering der.

Sist oppdatert 24.06.2024