teikning av eit slott

Fellesarena og helseklynge

Campus Vie-satsinga

Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Sunnfjord kommune og Helse Førde har mange overlappande utfordringar og samfunnsoppdrag. Statlege føringar peikar på auka grad av samhandling som viktig i møte med ein helsesektor under sterkt press.

I Campus Vie-prosjektet har partnarane sett nærmare på sambruk av areal og fasilitetar for å styrke kompetansemiljøa på Vie og i Sogn og Fjordane. Meir tverrfagleg aktivitet på tvers av sektorar vil vere eit regionalt svar på nasjonale føringar om å legge til rette for meir offentleg privat samhandling. 

Frå april 2023 til april 2024 har partnarane jobba med å sjå på korleis dei kan legge til rette for meir samhandling gjennom sambruk av areal og teke initativ til ei helserelatert kunnskaps- og næringsklynge i Sogn og Fjordane.

 

 

Sist oppdatert 13.05.2024