Kva er innovasjon?
Innovasjon i Helse Førde er utvikling og utprøving av nye teknologiar, arbeidsformer og/eller metodar. Innovasjon skjer når tilsette med høg formal- eller erfaringskompetanse løyser problemstillingar i arbeidet sitt på ein ny måte og løysingane vert vidareutvikla og tatt i bruk av andre. Vi skal legge til rette for innovative løysingar som effektiviserer og forenklar tenesta, forbetrar diagnostikk, behandling og tenesteforløp, reduserer kompetansegap eller opnar for nye metodar for betre involvering av pasientar og pårørande.
Innovasjon blir ofte omtalt som noko som er nytt, nyttig og nyttiggjort.
Sjekk ut våre vegvisarar for innovasjon!
For innovatører i helsesektoren kan det dukke opp mange spørsmål som kva ressursar som er tilgjengelege, og korleis innovasjonsprosessen er. I Helse Førde har vi laga nokon "vegvisarar" som kan gje deg litt nyttig informasjon.
- Innovasjonsløypa viser korleis innovasjonsprosessen i eit prosjekt kan sjå ut.
- Ressurskartet viser ei oversikt over nokre av ressursane som kan vere relevante for deg- enten det gjeld kompetanse eller finansiering.
- Prosjektleiing viser viktige område du som prosjektleiar må tenkje over. Prosjektleiarrolla er annleis enn rolla som klinikar på mange område.
Innovasjonsvideoar
Sjå videoar av innovasjonsprosjekt som Helse Førde er involvert i
Sist oppdatert 29.08.2025
