Eit prosjekt frå forskingsgruppa PERSONFORSK

Norse Impact - samanhengande digitale tenester i psykisk helsefeltet

For å forbetre effektane og berekrafta til helsetenester innan psykisk helsevern, vil vi utvikle og skalere verktøyet Norse Impact. Norse Impact er eit datadrive system som skal tilby effektive digitale behandlingtiltak til pasientar med psykiske helseutfordringar. Unikt for NorseImpact er at behandlinga vert tilpassa kvar enkelt pasient ved hjelp av deira eigne data, noko som gjer tilbodet persontilpassa og meir presist.

En person som holder en telefon
En mann som smiler til kameraet
Prosjektleiar Christian Moltu

 

Prosjektleiar: Christian Moltu, forskingssjef ved Psykisk helsevern i Helse Førde, professor ved Høgskulen på Vestlandet og grunnleggar av Norse Feedback.

Prosjektperiode: 2024 – 2028.

Budsjett: 31 millionar.

Finansiering: Norges Forskingsråd 20 MNOK og eigenfinansiering 11 MNOK.

«Ein fantastisk moglegheit til å bidra til berekraftige psykiske helsetenester i samarbeid med eit sterkt, tverrsektorielt konsortium»

Prosjektleiar Christian Moltu.

Første nyheitsbrev kjem i medio desember.

Bakgrunn for prosjektet

Psykiske helsevanskar er ei viktig utfordring for folkehelsa og produktiviteten i vestlege samfunn. Verdas helseorganisasjon (WHO) anslår at vi taper 50 millionar arbeidsår årleg på grunn av angst og depresjon. Dei tradisjonelle måtane å levere behandling på, basert på ansikt-til-ansikt-interaksjonar, er ikkje i seg sjølv berekraftig i framtida. Vi treng også innovativ teknologi for å betre kunne hjelpe folk som slit med psykiske vanskar og rusmiddelbruk.

Pasientar og behandlarar peikar på behovet for persontilpassa digitale intervensjonar. Slike verktøy må vere tilgjengelege utanfor dei tradisjonelle fysiske behandlingsmøta - før, under og etter behandling. Norse Impact vil bruke sjølvrapporterte data frå pasienten til å levere persontilpassa digitale behandlingsressursar – og tiltak for å styrke pasientane sin helsekompetanse og forbetre effekten av behandlingane dei er ein del av.

Prosjektet starta sommaren 2024 og vil vare i fire år. Det første året vil vi fokusere på utvikling av ein trygg og brukarvennleg teknologi som skal testast gjennom forsking på to viktige pasientgrupper: unge vaksne med rusproblem og unge i risiko for å utvikle psykosar. Dette er særskilt viktige grupper å engasjere i behandling og vil tene som proof-of-concept for Norse Impact.

Vi ser føre oss framtidige helsetenester som ein integrert tenesteflyt som inkluderer tradisjonelle fysiske møte, digitale behandlingsressursar og brukarstyrte komponentar, alle persontilpassa etter kvar enkelt pasient sine sjølvrapporterte data.

Prosjektorganisering

Konsortiet bak Norse Impact-prosjektet består av Helse Førde, Norse Feedback AS, St. Olavs Hospital, Helse Stavanger, Sunnfjord kommune, Molde kommune og Helse Møre og Romsdal. Øvrige partnarar i prosjektet er Høgskulen på Vestlandet, NTNU, Inventas AS og Sykehusinnkjøp HF.

Prosjektet er organisert med ei styringsgruppe, ei prosjektgruppe og ei rådgjevande gruppe beståande av ekspertar som gir vitskapleg og praktisk innsikt til prosjektet.

Prosjektgruppa består av medlemmar som er direkte involverte i prosjektets gjennomføring. Dei har ansvar for den daglege drifta, planlegginga og implementeringa av prosjektaktivitetane. 

Styringsgruppa består av representantar frå dei samarbeidande helseføretaka og kommunane, samt brukarrepresentantar. Styringsgruppa har ei overordna rolle og ansvar for å overvake prosjektets framdrift, ta strategiske avgjersle og sikre at prosjektets mål blir nådde.

Arbeidspakkar

AP1: Ansvarleg etikk i forsking og innovasjon

Denne arbeidspakken skal utvikle metodologien for involvering av interessentar i alle fasar av prosjektet. Arbeidspakken skal også gje råd, implementere, forske på og dokumentere prosessar for ansvarleg forsking og innovasjon. Høgskulen på Vestlandet er ansvarleg for denne arbeidspakken.

Arbeidspakkeleiar:
Eli Natvik, Høgskulen på Vestlandet, eli.natvik@hvl.no

Denne arbeidspakken skal utvikle eit brukarvenleg digitalt verktøy, med deltakarorientert design

for å tilpasse intervensjonar til pasientdata og behovsmønster.

Arbeidspakkeleiar: Christian Moltu, Helse Førde, christian.moltu@helse-forde.no

Denne arbeidspakken skal teste tryggleik, effektivitet og tilfredsheit med intervensjonar hos unge vaksne med rusproblem og unge med psykosenære tilstandar.

Arbeidspakkeleiarar:

Inge Joa, Helse Stavanger (unge med psykosenære tilstandar), inge.joa@sus.no,

Kristin Tømmervik, St.Olavs Hospital HF (unge vaksne med rusproblem),

kristin.tommervik@stolavs.no

Denne arbeidspakken skal sikre etterleving av GDPR, datasikkerheit og medisinske standardar, men dokumentasjon for implementering.

Arbeidspakkeleiar:
Hege Nechita-Hopland, Norse Feedback AS, hege@norsefeedback.no

Denne arbeidspakken skal utvikle strategiar for kommersialisering, skalering og innkjøp for å implementere Norse Impact nasjonalt og internasjonalt.

Arbeidspakkeleiar:
Hege Nechita-Hopland, Norse Feedback AS, hege@norsefeedback.no

Prosjektleiing

Sist oppdatert 13.12.2024