Frivillig i Helse Førde

Har du lyst å bety noko for andre?

Vi ønsker at pasientane skal møtast med omsorg og varme, og føle seg ivaretatt frå første stund når dei kjem til sjukehuset. I ein travel kvardag er det mykje du som frivillig kan hjelpe til med.

En gruppe mennesker iført grønne skjorter
Ressurspersonar i Helse Førde som dei frivillige møter i arbeidet. Frå venstre Anja Lena Selstad, Trude Njøsen Helgås og Håvard Nesse Røneid.

Kva gjer ein frivillig?

Som frivillig kan du gjere det lille ekstra for pasientane våre. Du vil vere tilgjengeleg i ventesoner og i korridorar ved poliklinikkar, eller vere til hjelp ved ein sengepost – oppgåvene dine blir blant anna å vise veg, og svare på spørsmål frå pasienter og pårørande.

Du kan bidra til det gode møtet med sjukehuset ved å

  • møte pasientar og pårørande med eit smil
  • invitere til samtale medan pasienten ventar
  • gje ei hand å halde i når det er behov for det
  • yte omsorg og vise empati

Som frivillig kan du vere med på å

  • møte personar som kjem til sjukehuset, vise veg og svare på spørsmål
  • vere open for personleg kontakt med pasientar som ventar på undersøking, behandling eller transport
  • bistå når urolege eller desorienterte pasientar ventar på undersøking eller behandling
  • assistere pasientar ved behov med enkle gjeremål, eller ta initiativ til samtale
  • følge pasientar til drosje ved heimreise, etter spørsmål frå avdelingane
  • følge pasientar til kantine, laboratorium, drosje eller ein tur i sjukehusparken
  • bistå med praktiske gjeremål

Ein frivillig er

  • eit medmenneske for pasientar i ein sårbar situasjon
  • imøtekomande og venleg
  • kontaktskapande og evnar å lytte
  • har stor empati og er sensitiv for andre sine behov
  • til nytte og glede for sjukehuset
Vi skal fremje helse, meistring og livskvalitet


Som frivillig ved sjukehuset 

  • blir du ein del av eit aktivt sjukehusmiljø
  • bestemmer du sjølv kor mykje tid du vil bruke som frivillig
  • får du kurs, nødvendig opplæring og tilbod om samlingar med fagleg tema
  • vil du vere eit supplement til pasientbehandlinga, men du skal ikkje utføre oppgåver som profesjonelle har ansvar for
  • er du over 18 år og snakkar godt norsk
  • vil du gjere ein forskjell utan at du får betalt for engasjementet og bidraget ditt
  • har du teieplikt, og må følge sjukehuset sitt reglement

Vil du vere ein av oss?

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale. 

E-post: frivillig@helse-forde.no

Kontaktpersonar:
Trude Njøsen Helgås - tlf. 97 10 11 10
Håvard Nesse Røneid - tlf. 99 60 28 54

Sist oppdatert 02.12.2024