Behov for deltaking frå fastlege i prosjekt/utviklingsarbeid:
Helse Førde leiger inn allmennlege og betalar denne etter gjeldande rutine. I samhandlingsprosjekt mellom HF og kommunane avklarar ein økonomisk delingsmodell i det einskilde utviklingsarbeid. Den einskilde kommune
kan nytte rutinen og avtale og kravsskjema (V01 og V02).
Når arbeidet skal gå føre seg som prosjektarbeid med eige budsjett eller finaniserast av tildelte prosjektmidlar, skal midlar for godtgjering til allmennlegane budsjetterast og/eller dekkast av tildelte prosjektmidlar. Godtgjeringa vert såleis rekneskapsført på prosjektet.
Ved deltaking i anna utviklingsarbeid skal utgifter verte dekka av den ansvarlege for arbeidet: HF og/eller den einskilde kommune.
Godtgjering til fastlegane vert å betale etter takst 14 i Normaltariffen slik:
Takst 14 for kvar påbegynt ½ time (takst 14d - tillegg for spesialist) inkludert tapte praksisutgifter. Det vert sett ei øvre grense pr dag/døgn med takst 14x15/halvtimar pr. dag/døgn.
Allmennlegen sender krav etter gjeldande avtaleskjema.
Reiseutgifter vert dekka i samsvar med til ei kvar tid gjeldande takst i helseføretak/kommune.
Dersom fleire kommunar og/eller HF skal betale delar av kostnaden, fakturerer kommunen etter den delingsmodellen ein er komne fram til i det aktuelle arbeidet.
Legeforeininga i Sogn og Fjordane:
Har medverka til prosedyren, og rår sine medlemmar til å ta del i denne.