Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Likeverdige helsetenester - uansett kor du bur?
Helseatlas
Nasjonalt helseatlas samanliknar befolkninga si bruk av spesialisthelsetenester gjennom interaktive kart, rapportar og faktaark.
Den nasjonale oppgåva med å utvikle ei nasjonal helseatlasteneste er lagt til Helse Førde i Helse Vest RHF og Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) i Helse Nord RHF.
I Norge er det eit mål at heile befolkninga skal ha eit likeverdig tilbod av helsetenester på tvers av geografi og sosiale grupper.
Helseatlas er eit verktøy for å samanlikne befolkninga si bruk av helsetenester i forskjellige geografiske områder, uavhengig av kva stad pasientane blir behandla.
Dei regionale helseføretaka har eit “sørge-for-ansvar» for at befolkninga i deira opptaksområde blir tilbydd forsvarleg spesialisthelseteneste. Dette “sørge-for-ansvaret» ligg til grunn for helseatlasa sine analyser av variasjon i bruk av helsetenester. Uberettiga variasjon kan bety at «sørge-for-ansvaret» ikkje er tilstrekkeleg ivaretatt.
Helseatlas blir utvikla og levert av Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) i Helse Nord, og av Helse Førde i Helse Vest. Helse Nord og Helse Vest fikk i 2015 i oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet å utvikle eit nasjonalt helseatlas i samarbeid med Helsedirektoratet.