Utlysing av interne forskingsmidler
Er du tilsett i Helse Førde og ønskjer å forske? No kan du søkje interne forskingsmidlar.
Helse Førde lyser ut interne forskingsmidlar for 2027. Disse inkluderer både opne forskingsmidlar i Helse Førde og strategiske forskingsmidlar i PERSONFORSK.
Dei opne forskingsmidlane er tematisk opne og kan søkjast av tilsette i Helse Førde til ulike delar av FoU-prosjekt. Midlane kan mellom anna nyttast til sluttføring av vitskapleg artikkel, forstudiar som grunnlag for større prosjekt, pilot- og gjennomførbarheitsstudiar, løn/frikjøp, driftsmidlar og utstyr. Meir om utlysinga og søknadsskjema finn du her:
Utlysing opne interne forskingsmidlar 2027
Søknadsskjema opne interne forskingsmidlar 2027
Dei strategiske forskingsmidlane i PERSONFORSK er retta mot prosjekt innan persontilpassa helsetenester. Midlane kan søkjast til utvikling eller vidareutvikling av PhD- og postdoktorprosjekt, arbeid med vitskapleg artikkel eller sluttføring av prosjekt. Meir om utlysinga og søknadsskjema finn du her: