Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ein pasient som syklar på ergometersykkel mens ein fysioterapeut føl med

Hjarterehabilitering - eit fylkesdekkande tilbod ved Nordfjord sjukehus

Hjarterehabilitering er eit tilbod til deg som har hatt helseutfordringar med hjartet, og ønsker støtte til å kome trygt og aktivt tilbake til kvardagen. Gjennom eit strukturert rehabiliteringsprogram saman med andre i liknande situasjon, får du oppfølging frå fagpersonar, kunnskap om hjartesjukdom og trening tilpassa deg.

Kven er hjarterehabiliteringa for?

Hjarterehabiliteringa er retta mot deg som har hatt hjarteinfarkt, blitt blokka/fått sett inn stent i kransåra (PCI), har fått utført by-pass operasjon eller har andre sjukdomar knytt til hjartet. Det er ynskjeleg at ein startar opp med rehabilitering så raskt som mogeleg etter ei hjartehending.

Målsetjinga med rehabiliteringa er at du som pasient skal kome raskare tilbake til det daglege livet, få ein effektiv opptreningsfase og dermed auka funksjonsnivå og livskvalitet.

Du vil gjennom programmet treffe andre som har vore i tilsvarande situasjon som deg, slik at de kan utveksle erfaringar og lærdom med kvarandre. Du vil også treffe brukarrepresentantar. 

Vi inviterer pårørande til å delta på teoridagane, slik at dei kan auke kunnskapen sin om hjartesjukdom, og møte andre i same situasjon.

Innhald i rehabiliteringa

  • Individuell samtale med lege, sjukepleiar, fysioterapeut  
    og farmasøyt.
  • Trening under rettleiing av fysioterapeut
  • Oppfølging av blodtrykk og blodprøver
  • Psykiske reaksjonar – «Å leve med hjartesjukdom»
  • Kosthald
  • Medisinar og medisinbruk
  • Motivasjon og mestring
  • Risikofaktorar
  • Brukarrepresentant
  • Seksualitet
  • Røykeslutt
  • Tilbake til arbeidslivet

Korleis er rehabiliteringa lagt opp?

Rehabiliteringa går over 8 veker. I løpet av desse vekene er det 4 dagar med teori på Nordfjord sjukehus, for alle deltakarar. Dette er lagt til måndag og tysdag i 1. og 5. veke av rehabiliteringa. Dei andre vekene har ein trening og oppfølging ved sitt lokalsjukehus. Du gjennomfører ein belastingstest på tredemølle før kurset. Lege er ansvarleg for innhaldet og gjennomføringa av kurset.

Det blir utarbeidd personlege mål for kvar einskild, og du blir fulgt opp av lege, sjukepleiar, fysioterapeut og farmasøyt.

Undervisninga går føre seg i grupper, og alle får eit individuelt tilpassa opplegg med samtalar, trening og behandling. 

Fysioterapeut og pasient utarbeider i fellesskap eit treningsopplegg basert 
på dei måla som er sett. Treninga vert rettleia av fysioterapeut saman med 
sjukepleiar, dels i treningssal, og dels utandørs.  

Du treng tilvising frå lege. Denne skal sendast til: 

Medisinsk avdeling, Nordfjord sjukehus/Helse Førde
Seksjon: Læring og meistring
Lokalisering: Nordfjord Hjarterehabilitering poliklinikk

Merk tilvisinga med hjarterehabilitering. 

Vi kontaktar deg når vi har motteke tilvisinga di.

Ved behov for overnatting i høve kursdagane kan du ha rett på ytingar etter 
fastsette satsar gjennom pasientreiser. Bekrefting på behov for overnatting får 
du frå legen på hjarterehabiliteringa.

Du bestiller sjølv overnatting dersom du har behov for det.

Lurer du på noko om hjarterehabilitering?

Ta kontakt med oss, så skal vi svare deg så godt vi kan.

post@helse-forde.no 57 86 40 03 eller 90 59 18 98
Sist oppdatert 08.04.2026