Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva er kliniske studier

Kliniske studiar, eller utprøvande behandling, er studiar som blir utført på menneske for å undersøke verknad av legemidlar eller andre behandlingsmetodar, men òg for å undersøke korleis medikament omdannast i kroppen og om biverknader er akseptable.

En gruppe mennesker i hvite laboratoriefrakker
Tverrfagleg gjeng som jobber med kliniske studiar.

Ved å delta i ein kliniske ein studie kan du får tilgang til den nyaste og mest avanserte behandlinga før den er vanleg tilgjengeleg. At vi tilbyr kliniske studiar i Helse Førde er viktig for at pasientar kan få tilgang til å delta i studiar på sitt eige sjukehus, og for arbeidet med å utvikle og finne nye metodar for behandling og diagnostisering. Pasientar kan sjølv spørje om det finst aktuelle kliniske studiar for deira situasjon.

Det blir utført kliniske studiar på til dømes medisinar, vaksinar, kirurgi, diagnostikk, strålebehandling, medisinsk utstyr, trening, ernæring, samt kombinasjonar av disse.

Nokre pasientar kan delta i kliniske studiar som del av si behandling. Det vil då vere snakk om alt frå å teste ut medisin til at ein berre brukar opplysningar frå pasientjournal i forskinga. Alle pasientar som deltek i studiane må samtykke til deltaking.

Ved å delta i ein klinisk studie kan du

  • få eit håp om å bli kurert eller å leve lenger med sjukdommen din
  • få betre livskvalitet
  • få tett oppfølging av helsepersonell
  • bidra til å fremme forsking på ny behandling som kan komme mange pasientar til gode

Det blir stilt strenge krav til kven som blir vald ut til å delta. For at du skal bli vurdert som deltakar i ein klinisk studie, må legen din vurdere om studien sine kriterier for deltaking passer din situasjon. Døme på kriterium kan vere type diagnose, alder, funksjonsstatus og tidlegare behandlingar.

Podkast om kliniske studiar

I denne podkasten får du høyre tre av våre dyktige studiesjukepleiarar svare på spørsmål om kliniske studiar.

I tillegg får du høyre ein pasient fortelje om sine erfaringar med å ha vore med i ein studie. Podcasten vert leia av Guro Mjanger, seksjonsleiar for innovasjon og forsking i Helse Førde

https://open.spotify.com/show/2DQ0S3U9uc9miVUNppSFNk?fbclid=IwAR3hzCDaloIqsw8wxcxM1lIyhT-n6xB5VJrGOHgiYuObNRnBhfIBhWXk-O8
En gruppe mennesker som sitter ved et bord med mikrofoner
Sist oppdatert 30.06.2025