Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
kunstverk i stål metall og keramikk som heng på ein mursteinsvegg

Gjerstad og Christensen

Kunstverket "Gjennombrudd" er utarbeidd av kunstnarane Odd Gjerstad og Steinar Christensen i materialet metall og keramikk. Kunstverket prydar kantina i 1.etasje på Førde sentralsjukehus.

Steinar Christensen​

Steinar Christensen var ein norsk billedhoggar og postkonseptualist. Han var autodidakt (sjølvlært) og var med på grunnlegginga av Vestlandet sitt kunstakademi i Bergen.

Christensen blei kjend for dei monumentale stålskulpturane, stjerneinstallasjonane, internasjonale performanser og tvetydige stilleben med referansar til kunst frå gullalderen i Nederland. Han representerte Norge under Veneziabiennalen (1976) og Nasjonalmuseet, Henie Onstad Kunstsenter, Oslo Kommunes kunstsamlinger og andre har kjøpt inn kunstverk frå han. Christensen arbeidde innan ei rekke ulike medier og med forskjellige materialer og gjerne i samarbeid med ekspertar innan spesifikke fagfelt. ​

Odd Gjerstad 

På 60- og 70 tallet var Odd Gjerstad, i samarbeid Kari Bugge Gjerstad (kona hans), markante forkjemparar for den nye, frie keramikken som vaks fram. Han har utvikla uttrykka sine gjennom ein stor produksjon og salg gjennom galleri i inn- og utland, kunstneriske utsmykningar og frå ustillingshuset og verkstaden sin på Sotra. Arbeidet hans fekk avgjerande betydning for utviklinga av det keramiske miljøet på Vestlandet i byrjinga av 1950-åra. 

Kunstverkene hans er kjøpt inn av KODE Bergen, Sogn- og Fjordane kunstmuseum, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Kunstmuseet Nord-Trøndelag, Nasjonalmuseet og andre. ​

Kjelde: Store Norske leksikon og Odka keramikk og kunstverk



Sist oppdatert 12.12.2022