Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

William Henry Singer

Etableringa av Nordfjord sjukehus er uløyseleg knytt til den amerikanske kunstnaren William Henry Singer (1868 - 1943). Singer sytte for at Nordfjord sjukehus vart bygd og sett i drift i 1936. Helse Førde har i dag ei samling med kunstverk måla av Singer, og i samband med 90 års jubileet "børstar vi litt støv” av desse og gir dei ekstra merksemd.

Portrett av William Henry Singer

Foto: Jacob Merkelbach, Public domain, via Wikimedia Commons

Singer var landskapsmålar framfor alt

Det mest typiske ved Singer er at han nesten berre måla landskap. Den norske naturen var ei viktig inspirasjonskjelde. Motiva er fjell, fjordar, skog og dalar – spesielt frå Vestlandet. Naturen er hovudperson - menneske er sjeldan med. Bilda framhevar storslått natur og ro, ofte utan dramatisk handlingar. Han blir omtalt som ein “målar av stillheit og stemning”.

Sein-impresjonistisk stil

Singer arbeidde i ein stil som kan kallast sein-impresjonistisk, inspirert av t.d. Monet. Han blir rekna som ein dyktig malar og typiske trekk hos han er:

  • Fokus på lys og stemning meir enn detaljert realisme.
  • Frie penselstrøk og levande fargar.
  • Måla ute i naturen for å fange lysverknader direkte.

Samtidig anerkjent, men ikkje avantgarde-stjerne

I si samtid var Singer ein respektert og etablert kunstnar, med utstillingar i Europa og USA, og medlemsskap i kunstinstitusjonar. Han var nok eit større namn regionalt enn internasjonalt. Kanskje størst her lokalt, gjennom sitt gode renommé som sambygding. Singer og kona Anna hadde eit stort engasjement, der dei brukte mykje av formuen sin til lokal samfunnsutvikling og sette spor etter seg som er synlege også i dag.

Om bilda utstilte på veggen ved kantina

Et par malerier på en vegg
Kunstverk av William Henry Singer og Isidorer Opsomer heng ved kantina på Nordfjord sjukehus.
  • Vinterlandskap, William Henry Singer
  • Portrett av Singer, Isidorer Opsomer (1878-1967), anerkejnd
  • Vinterlandskap, William Henry Singer

Dei to bilda utstilte i kantina

  • Landskap med skog i innsjøl, William Henry Singer
  • hest og bonde, Evert Pieters

Vinteren ei stor inspirasjonskjelde

Singer var svært glad i å male vinterlandskap. Det er grunnen til at vi på denne veggen valde å presenterer to slike verk.

Når snøen i dei mørke vintermånadane forandra landskapet til si mest enkle form, blei Singer inspirert til å male. Som han skriv sjølv:

«Jeg er så glad for å se snøen, siden landet ikke har vært interessant i det hele tatt siden bladene gikk fra trærne, men nå ser det nydelig ut igjen.

Når landskapet vart dekt av snø kunne han bli heilt oppslukt av det som var viktig for han, einsemd og stillheit, og Singer skreiv følgande:

«Min dype kjærlighet til ensomhet og stillhet, til fjels, elver og ubesmittet natur generelt har gitt Norge hennes store tiltrekningskraft, og dette spesielt om vinteren når det generelt er renhet, mystikk og fred».

Å “børste litt støv av” Singer-samlinga har vore fleire ting, Vi har reparert skadar, som på fleire av dei flotte bilderammene, vi ønska å presentere verka på ein ny og meir tiltalande måte, og vi har samla inn informasjon om Singer og verka hans. Vi er både glade og stolte over å kunne vise fram denne unike samlinga til dei som besøkjer sjukehuset.

Sist oppdatert 23.06.2026