- Å bli invitert til å levere foto til God Start har vore eit høgdepunkt for oss. Vi håpar bilda vil vere med på å gjere opphaldet på God Start til ei god oppleving for nybakte foreldre, seier Åshild Steinde Helleset, eit av medlemmene i Vestavindane.
Det er foto av opplevingar og fenomen i naturen som har inspirert fotografane i bilda på God start. Kontrastar, lys og fargar, plantar og fenomen - skildrar eit heimelandskap som mange kan kjenner seg att i.
Jon Kjøs, fotograf til sju av bilda
Frå surfebølgjer på Stadtlandet til idyll på Lovatnet er kontrastane store. Store kontrastar er det òg mellom Kannesteinen tett på og den storslåtte utsikta frå Hoven mot sørvest. Blomar, anten dei er i eit barskt landskap eller i ein velorganisert hage - gir rein glede.
Olin Maria Yri, fotograf til to av bilda
Her er det eit spesielt auge for form og farge i naturen. Begge motiva er fanga i eit raskt tidsvindauge, der motivet i neste sekund kan ha endra seg.
Anna Wuttudal og Gunn-Alise Sødermann
Dei fortel i kvart sitt bilde noko av det same.
Om kveldssola som leikar regissør og som fargelegg omgivnadane.


Randi Ryssdal, gjer begge deler i sitt bilde
Motivet er tett på fruktblomane og i bakgrunnen ei kveldssol som gir frukthagen ein ekstra glød.

Kari Synneva Raad og Torhild Ulvesæter
Dei skildrar på kvar sin måte dei verkeleg store og gamle trea.
Med utgangspunkt i ulike årstider blir dei òg kulissar og metaforar for stemningar og refleksjonar.


Svein Nesbakk
Eit naturfenomen legg eit ekstra lag i haustbildet frå Eidselva og forsterkar kjensla av ro og opnar for melankolien.

Vestavind fotofrendar
Fellesnemnaren, fortel dei sjølve, har vore eit ønske om meir sosial aktivitet i fotomiljøet, men utan administrasjonen og ansvaret som kjem med ein formell fotoklubb. Dei samlast uformelt, gjerne på omgang heime-hos, av og til på ein kafé, eller kan hende på eit lånt møterom – alt ettersom.













