Fargerikt kunstverk på betongvegg med grønt gras utanfor

Svanabygget

Svanabygget er det eldste av bygningane til Førde Sentralsjukehus. Bygningen fekk namn i høve namnesetjing av alle bygga på sjukehusområdet. Namnet er inspirert av adressa til sjukehuset, Svanehaugvegen.

​Svanabygget er hovudblokka på Førde sentralsjukehus, og her presenterer vi eit utval av kunstverka som er å finne i dette bygget.

Vi inviterer deg til å ta ein tur mellom farger, former, materialer, lys og skugge for å bli betre kjend med kunstverka og kunstnarane som vi er både stolte og takknemlige for å kunne presentere​.


Kunstverk av gatekunstnaren Pøbel

utandørs kunstverk som heng på ein gråmalt vegg av to personar som omfavnar kvarandre

Kunsten å si takk - Kunstverk av Pøbel utanfor hovudinngangen ved Førde Sentralsjukehus. Foto: Helse Førde

Verket illustrerer takksemd ovanfor helsepersonell i ei svært spesiell tid, då nærleik var vanskeleg grunna den pågåande pandemien. Kunstverket vart først illustrert på julekortet som alle tilsette fekk i 2020. Motivet gjorde inntrykk på svært mange. Kunstnaren vart oppfordra om å overføre verket til storformat, slik at kvart helseføretak kunne få eitt kvar.

bilde av to personar som dansar i svart ramme på ein kvit vegg

Dirty Dancing - Kunstverk av Pøbel. Foto: Helse Førde

Det vart laga 250 trykk av verket "Dirty Dancing", der første halvdel av trykka blei gitt til alle sjukehusa i Noreg som eit teikn på takksemd ovanfor helsepersonell i høve pandemien.

Kunstverk av Nils Aas

komposisjon i stål som er samansett av tre ståleiningar som heng på ein betongvegg utandørs

Stav og støtte - kunstverk i stål av Nils Aas som heng utvendig på Førde Sentralsjukehus. Foto: Oddleiv Apneseth

Aas sin kunstproduksjon strekk seg frå det intime til det monumentale, frå det figurative til det abstrakte, og frå papir til stål. Nils Aas var ein kunstnar med ei enorm spennvidde og materialbeherskelse. 

Om kunstnaren Nils Aas

Kunstverk av Ludvig Eikaas

Fargerikt kunstverk på betongvegg med grønt gras utanfor

Gatekunstverk av Ludvig Eikaas på betongvegg ved Svanabygget. Foto: Oddleiv Apneseth

Ludvig Eikaas frå Jølster var ein av etterkrigstida i Noreg sin mest markante biletkunstnar. Han var både grafikar, målar, skulptør og konseptkunstnar, og var kjend som ein utprøvande og spontan kunstnar som aldri slo seg til ro med ein teknikk og eitt bestemt uttrykk. Dette kunstverket gjorde han ved hjelp av Gunhild Bakke, Agnete Erichsen og Hanne Nielsen.


Om kunstnaren Ludvig Eikaas

Kunstverk av Odd Gjerstad og Steinar Christensen

raud mursteinsvegg med to kunstverk i stål og keramikk med to blå personar som prøvar å bryteseg gjennom stålet

Gjennombrudd av Odd Gjerstad og Steinar Christensen i restauranten i 1. etasje i Svanabygget. Foto: Oddleiv Apneseth

Gjennombrudd er eit kunstverk utarbeidd av den norske billedhoggaren og postkonseptualisten Steinar Christensen, saman med keramikaren Odd Gjerstad. Verket heng i restauranten i hovudblokka, 1. etasje.


Om kunstnarane Gjerstad og Christensen

Kunstverk av Reidun Færøy Bergstrøm

raud mursteinsvegg med ein keramikkbåt full av mennesker ombord

Ferje - Keramisk verk av Reidun Færøy Bergstrøm som heng i restauranten i 1. etasje i Svanabygget. Foto: Oddleiv Apneseth

Dei keramiske kunstverka til Reidun Færøy Bergstrøm fortel historier vi kjenner oss igjen i. Skulpturen tek deg med på eit eventyr. Bergstrøm sin kunst er utstilt i fleire offentlege rom, som i den ny-restaurerte vestibyla til Lærdal sjukehus.

Kunstverk av Jane Balsgård

billedvev som heng på ein vegg med motiv av eit troll

Sametrollet som vokter over Alta av kunsnar Jane Balsgård. Foto: Oddleiv Apneseth

Med poetisk lettheit har Jane Balsgaard (f. 1939) skapt eit sjølvstendig billedspråk der både haldning og estetikk nærmar seg naturfolkeleg eksistens. Balsgaard sitt arbeid uttrykker ein samhøyrigheit med samlar- og jegerfolket sin mentalitet. 

Kunstverk av Svein Tenol-Tuxen

måleri i brun ramme som heng på ein vegg. Motivet er av tre kvinner i fargerike kjolar som står på ei brygge med fjord og fjell

Sommarnatt av kunstnar Svein Tenol-Tuxen. Foto: Oddleiv Apneseth

Tenol-Tuxen (1920-2008) var ein Norsk billedkunstnar, musikar og komponist. Tenol-Tuxen blei utdanna som fiolinist ved Musikk-konservatoriet i Oslo i 1937. Han var aktiv i Sogn Symfoniorkester og komponerte blant anna stykket "Vidda". Kunstverka hans er kjøpt inn av blant andre Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane, Norsk kulturråd og Sentralsjukehuset i Førde.

Kunstverk av Elisabeth Haarr

billedvev  som forestiller eit tre og heng i eit vindu

Tre av kunstnar Elisabeth Haarr - Billedvev som heng ved inngangen i Svanabygget. Foto: Oddleiv Apneseth

Haarr har vore ei av dei mest betydningsfulle kunstnarane i Noreg. Sidan slutten av 1960-talet har ho jobba med tekstilar i ei rekke ulike formspråk.
betongvegg med eit billedvev med motiv av ei blødande kvinne

Fra motorveien av Elisabeth Haarr - heng i trappeoppgang i Svanabygget. Foto: Oddleiv Apneseth

Om kunstnaren Elisabeth Haarr

Kunstverk av Arne Vinje Gunnerud

Raud mursteinsvegg med eit kunstverk i tre i fargane blå, grøn og gul som forstiller ein fugl

Framandfugl av Arne Vinje Gunnerud - tre reliefff som heng i restauranten i 1. etasje i Svanabygget. Foto: Oddleiv Apneseth

Gunnerud var svært interessert i historie, noko som pregar mykje av hans arbeid. I denne skulpturen, eit tre relieff, har han leika seg med historiske element.
Sist oppdatert 20.10.2022