Elektronisk rekvirering

Rekvirentar utanfor sjukehus som sender prøver til analysering ved sjukehuslaboratoria i Helse Vest, har tilbod om å rekvirere elektronisk frå eige journalsystem. Elektronisk rekvireringsløysing bidrar til raskere og meir sikker informasjonsflyt og samhandling.

Elektronisk rekvireringsløysing er intuitiv, lett å lære og enkel å bruke.

Kvart sjukehus i helseregionen har laga ei elektronisk tenestekatalog for laboratorieanalysar til sjukehuslaboratoria. Etikettar til merking av prøverøyr og -behaldarar skrivast ut på etikettskrivar som høyrer til løysinga. 
Løysinga vert installert i legekontoret sitt journalsystem (sjå over for kven som kan nytte løysinga).

Rekvirentar og anna prøvetakingspersonell har tilgang til opplysingar om kva for prøvemateriale som skal takast, rettleiing for rekkjefølgje på prøverør ved blodprøvetaking og informasjon om prøvebehandling for dei ulike analysane. 

Det er og mogleg å etterrekvirere analysar på prøvemateriell som allereie er sendt inn. 

Med den elektroniske rekvireringsløysinga kan ein rekvirere til fleire fagspesialitetar samtidig (medisinsk biokjemi, mikrobiologi og patologi). 

Elektronisk rekvirering nyttast av dei aller fleste legekontora på Vestlandet.

  • Raskere og meir sikker informasjonsflyt og samhandling 
  • Rettleiing til riktig prøvetaking, antal prøvebehaldarar og korleis prøvematerialet skal handterast
  • Oppdatert oversikt over rekvirerte prøve​r
  • Elektronisk etterbestilling av innsendte prøver
  • Kontinuerleg oppdatert tenestetilbod​
  • INGEN papirskjema
Sist oppdatert 18.01.2024