Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Strategisk samarbeidsutval
Strategisk samarbeidsutval er eit administrativt utval mellom Helse Førde HF og kommunane i Helse Førde HF sitt opptaksområde som har inngått overordna samarbeidsavtale.
Strategisk samarbeidsutval er sett saman av seks representantar frå kommunane, seks frå Helse Førde HF og to brukarrepresentantar. I tillegg er ein representant frå KS Vestland og assisterande fylkeslege med som observatørar. Sekretærfunksjonen blir ivaretatt av Helse Førde. Det skal opp nemnast vararepresentantar. KS i helsefellesskapsområdet syter for oppnemning av dei kommunale representantane.
Ved oppnemninga skal ein sikre at det er geografisk spreiing av representantar i helsefellesskapet. Det er naturleg å sjå til eksisterande samarbeidsforum i området. Felles brukarutval nemner opp brukarrepresentantane. Medlemane er sjølve ansvarlege for kontakten med dei som dei representerer. KS har fast møte- og talerett for ein utsending, andre samarbeidspartar vert invitert til møte etter behov og avtale mellom partnarane.
Kirstin Bruland, kommunalsjef Sunnfjord kommune (B.Longva)
Marit Reppen, kommunalsjef Sogndal kommune (G.Lerøy)
Thomas Vingen Vedeld, kommuneoverlege Stad kommune (M.Solbakken)
Svein Ove Alisøy, Avdelingssjef PHV (B.Tvedt)
Observatørar
Hilde Ystanes, seniorrådgjevar, KS Vest-Norge
Linda Svori, assisterande fylkeslege, Statsforvaltaren i Vestland
Strategisk samarbeidsutval har ansvar for å:
følgje opp og vedlikehalde overordna samarbeidsavtale
vurdere i saker av prinsipiell administrativ, fagleg og økonomisk karakter som gjeld samhandling i høve pasientar/brukarar
drøfte og tilrå løysing ved usemje som ikkje kan løysast på anna nivå
tilrå nye prioriterte områder utifrå lokale behov og offentlege føringar
tilrå delavtalar overfor partnarane og godkjenne prosedyrar som gjeld samhandling om felles pasientar etter framlegg frå fagleg samarbeidsutval eller ein eller fleire av partnarane
drøfte rapportar om avvik og uønskte hendingar som gjeld samhandlinga
førebu partnarskapsmøte
arrangere samhandlingskonferansen
fokusere på erfaringsutveksling, kompetanseoverføring og felles møteplassar
bidra til å utvikle og spreie gode modellar for samhandling
ha eit oppdatert oversyn over ulike samhandlingsprosjekt i Sogn og Fjordane
Utvalet konstituerer seg sjølv. Leiar- og nestleiarfunksjonen vekslar kvart andre år mellom Helse Førde HF og kommunane. Funksjonsperioden for utvalet er november - november.
Saker blir fremja av partnarane gjennom representantane som har eit sjølvstendig ansvar for å bringe fram tema/saker til handsaming. Vedtak føreset at alle medlemane er samde og forpliktar partnarane. Helse Førde HF og den enkelte kommune har ansvar for at vedtak blir gjennomførte.
Strategisk samarbeidsutval skal ha møte minimum fire gonger pr. år, og møteplan for funksjonsperioden blir avtalt. Utvalet legg fram årsrapport i første kvartal.
Partnarane skal samarbeide om førebuing og gjennomføring av strategisk samarbeidsutval. Partnarane ber eigne kostnader.