11 millionar betre enn budsjett
Det økonomiske resultatet 2017 for Helse Førde vart betre enn venta. Men Helse Førde er nøydd til å halde dei økonomiske tøylane minst like stramme i 2018.
Økonomifasiten for 2017 i Helse Førde er snart klar, og rekneskapen syner no eit overskot på vel 26 millionar kroner, altså kring 11 millionar kroner betre enn budsjettert. Som for alle andre helseføretak i landet er det framleis knytt noko uvisse til pensjonsutgiftene, og her kan resultatet i verste fall bli redusert med 12 millionar kroner.
GODT NØGD: Godt økonomisk resultat for Helse Førde i 2017, og omstillinga held fram i 2018, slår styreleiar Agnes Landstad fast.
Fleire valde Helse Førde
- Heile organisasjonen vår står bak dette flotte resultatet. Utan innsatsen frå alle våre dyktige tilsette hadde vi ikkje lukkast med dette, seier styreleiar i Helse Førde, Agnes Landstad. – På toppen av dette kjem nokre uventa positive økonomiske utslag som dessverre ikkje kjem til å gjenta seg. Difor må vi halde fast på den stramme økonomistyringa også i åra som kjem.
Ved inngangen til 2018 såg Helse Førde ut til å få eit 2017-resultat på to millionar, altså 13 millionar kroner under budsjettmålet. No er fasiten her, og det viser seg blant anna at lønsutgiftene låg 12 millionar kroner betre an enn prognosen, og at utgiftene til pasientreiser og gjestepasientar var kvar 8,5 millionar kroner betre enn rekna med i haust. Dette er postar som Helse Førde har liten innverknad på, men som tyder at fleire har valt å nytte våre tilbod.
Vidare omstilling
Når vi i tillegg no veit at den endelege avrekninga for ISF (innsatsstyrt finansiering) 2016 vart på 11 millionar, og at forliket med Skanska (Bygg Aust) vart betre enn venta, så er det gode sluttresultatet for 2017 eit faktum.
- Resultatet er svært gledeleg. Samtidig veit vi at vi ikkje kan vidareføre dagens driftsnivå dersom vi skal ha bereevne til å byggje Nye Førde sjukehus og ta andre framtidige investeringar som planlagt, seier Landstad. – Dette er grunnen til at vi framleis må omstille oss mykje, og det er naudsynt å gjennomføre dei tiltaka som ligg i budsjettet for 2018.
I 2018-budsjettet har ein justert ned kostnadene til mellom anna pasientreiser og gjestepasientar, slik at vi neppe vil sjå eit tilsvarande positivt avvik som i 2017.
Ikkje berre pessimisme
Økonomidirektør i Helse Førde, Halfdan Brandtzæg, seier at økonomiavdelinga no må revurdere måten dei produserer økonomiske prognoser på.
- Det har nok blitt slik at prognosene våre lett har blitt summen av all pessimisme, altså summen av alle såkalla worst case-scennario. Men så gale går det heldigvis sjeldan, og det må vi nok ta meir omsyn til, seier Brandtzæg.
Økonomidirektøren seier at dei i samarbeid med klinikkane no ser nærare på korleis ein gjennomfører økonomistyringa og følgjer opp eventuelle avvik gjennom året.
- For 2018 og åra framover må vi hugse på at fjorårets uventa gode resultat også skuldast enkeltfaktorar som var eingongs, og som ikkje vil gjenta seg dei kommande åra. Så samtidig som vi gler oss over fjorårsresultatet, må vi hugse på at det er naudsynt å halde stramme tøylar i økonomien også i 2018, seier han.