Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

2018: Ambulansestrukturen uendra

Ei breitt samansett prosjektgruppe skal i løpet av 2018 komme med framlegg til ny ambulansestruktur i Helse Førde. Medan dette arbeidet pågår skal det ikkje gjerast vesentlege endringar på området.

Publisert 11.12.2017
Sist oppdatert 02.01.2024

​I budsjettframlegget for 2018 heiter det at ambulansestrukturen i føretaket skal "i liten grad endrast". For å unngå omfattande kutt blir ramma til kirurgisk klinikk føreslegen styrka med 16,5 millionar kroner i 2018.

Styrkinga gjeld for ambulansedrifta i 2018. Når framlegget frå prosjektgruppa er klart og har blitt handsama i styret i Helse Førde, vil dette medføre at kostnadene og ramma til kirurgisk klinikk skal justerast i tråd med vedtaket.

- Vi er heilt avhengige av å få til ein open og tillitsfull dialog med kommunane i fylket slik at vi kan einast om dei primære ansvarsområda i den akuttmedisinske kjeda. Vi må så godt råd er sikre jamn og god kommunikasjon om prosjektet til tilsette, kommunar, eigar og folk i fylket, seier Trine Hunskår Vingsnes, direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde og leiar for prosjektgruppa.

Gruppa er sett saman av fagfolk frå Helse Førde, fem representantar frå kommunane, tillitsvalde og ein brukarrepresentant. Gruppa tel i alt 16 personar. I tillegg er det oppnemnt ei referansegruppe på ni personar.

Med dette budsjettframlegget kan ein sikre ro rundt ambulansedrifta og dei prehospitale tenestene i Helse Førde medan prosjektgruppa arbeider. Målet med arbeidet er å sikre innbyggjarane i Sogn og Fjordane gode prehospitale tenester, og å leggje til rette for eit vidare godt samarbeid mellom helseføretaket og kommunane om den akuttmedisinske kjeda. Det prehospitale området i Helse Førde omfattar bil– og båtambulanseteneste, AMK i Førde samt medisinsk ansvar for luftambulansen i Førde og redningshelikopteret i Florø. Kommunane har ansvar for å drive legevaktsentralar og legevakt. På dagtid er det fastlegane som yter øyeblikkeleg hjelp.

Det prehospitale området har ei stor og sentral rolle i eit fylke som er prega av relativt spreidd busetnad. Ambulansedrifta har hatt sterkare kostnadsvekst enn Helse Førde samla dei siste ti åra. Særleg gjeld det innanfor bilambulansetenesta som har utvikla seg frå heimevakter til vakter på stasjonane. I tillegg har tenesta nasjonale kompetansekrav å tilpasse seg.