Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

- Ein merkedag for Nye Førde sjukehus

Rundt 150 personar - dei fleste arbeidsfolk - var samla til kranselag i åttande etasje i Livabygget fredag. - Ein merkedag og ein milepæl i prosjektet, sa administrerande direktør Arve Varden under markeringa.

Publisert 21.10.2022
Sist oppdatert 02.01.2024
Med tre feiande flotte marsjar innleia Førde musikklag festen før det var tid for talar, blautkake og kaffi. 
​- I dag er det god grunn til å feire. I Helse Førde har vi arbeidd i fleire år mot denne dagen. Veidekke starta byggearbeidet for eitt og eit halvt år sidan. No står eit tett bygg på 13500 kvadratmeter her. Enno er det mykje arbeid som gjenstår, men i 2024 skal det vere ferdig. 
Varden la vekt på den store innsatsen dei rundt 150 arbeidarane legg ned for å verkeleggjere dette flotte, men krevjande byggverket. samtidig har han merks seg at det er ein ryddig og velorganisert arbeidsplass, der god sikring og personleg verneutstyr er i bruk. Til dags dato har det ikkje vore personskade med fråver eller andre alvorlege uhell blant arbeidsfolka. 
- Det er like viktig for oss som for dykk at de har ein trygg og god arbeidsplass, og at de kan avslutte arbeidsdagen like sikkert som vi kontorarbeidarar kan gjere. 
Varden var også imponert over tempoet bygget har reist seg i: 
- Med all den uvissa som er rundt oss no om dagen står det respekt av at framdrifta på Livabygget er som avtalt. 
​​Og vidare om leiinga i Veidekke: 
- De lever opp til alle vanlege fordommar om folk i byggebransjen. De er store i kjeften - men pålitelege og dyktige på botnen. De legg ned mange timar i planlegging for å få god framdrift og presis utføring av dette store bygget. I dag er det kjekt å kunne stå skulder ved skulder og feire at det vi gjer i lag - blir bra! ​​​
Gulkledde arbeidsfolk med hjelm som et kake
 
 KAKEFEST: Intet kranselag utan kake til arbeidsfolka.