Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Alle gravide får tidleg ultralyd

Frå 1. november kan alle gravide i Helse Førde sitt område få to ultralydundersøkingar i løpet av svangerskapet. Ved kvinneklinikken i Helse Førde reknar dei med at dei aller fleste takkar ja til tilbodet.

Publisert 07.10.2022
Sist oppdatert 02.01.2024
- Vi håpar at dei gravide ber om å bli tilvist til undersøkinga i god tid, seier overlege Trude Hansen Folkestad på kvinneklinikken i Helse Førde. - Undersøkinga må skje mellom veke 11 og veke 13 pluss seks dagar, og vi treng litt tid på å planlegge timane. 

Dersom dei fleste gravide takkar ja til undersøkinga, inneber dette nær 900 fleire undersøkingar årleg, samanlikna med i dag. Tidleg ultralyd inneber alltid måling for å sjå om fosteret har vakse som forventa, og ein kan estimere svangerskapslengde. 
Vidare undersøkjer ein kropp og organutvikling og kan stadfeste tal foster. I tillegg gjer ein ei måling av nakkeoppklaringa. Auka nakkeoppklaring førekjem ofte hjå foster som har kromosomforandring, for eksempel Downs syndrom. 

Jordmødrer og legar i Helse Førde har vore på vidareutdanning i samband med innføringa, og foreløpig er to jordmødrer og to legar gjennomført og bestått, og ytterlegare to legar er snart ferdige med denne utdanninga. 

HER er lenke til kvinneklinikken si side om  tidleg ultralyd. 

Der finn du også informasjonsvideoen "Fosterdiagnostikk", som Hansen Folkestad tilrår at alle som skal inn til tidleg ultralyd ser før dei kjem til sjukehustimen.