Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Får konsekvensar for Nye Førde sjukehus

Administrerande direktør Arve Varden varslar no at den økonomiske situasjonen får konsekvensar for byggeprosjektet Nye Førde sjukehus.

Publisert 21.10.2022
Sist oppdatert 02.01.2024
Bygginga av det største delprosjektet, Livabygget går etter planen. I dag er det kranselag der, medan det er andre delar av prosjektet, Svana 2 og Svana 3, som truleg ikkje kan starte opp som planlagt. Økonomien tvingar fram ei utsetjing.
 
- Helse Førde har ikkje nok pengar til å fullføre heile prosjektet slik situasjonen er no, seier administrerande direktør Arve Varden.
 
Medan Helse Førde hadde overskot på rundt 112 millionar kroner i fjor, styrer føretaket mot eit rekneskapsmessig underskot på rundt 30 millionar kroner ved utgangen av 2022. Det betyr i så fall eit årsresultat som ligg minst 60 millionar kroner bak budsjett. 
"Den økonomiske utviklinga og tal fristbrot i Helse Førde er framleis alvorleg, sjølv om september syner ei betring i høve føregåande månadar, skriv Varden til styret i Helse Førde. ​
Slik ser rekneskapen ut per september: 
Rekne0822.PNG


Varden forklarer situasjonen med høgare kostnader enn venta, særleg på løn og personal.

- Vi har tatt grep i drifta for å betre situasjonen, og ser at det har ein verknad. Eg har sagt at vi ønskjer å skjerme pasientbehandlinga så langt som råd, men det er klart at dette kan påverke også tenestetilbodet vårt​, seier han. - Samtidig strammar vi inn på nytilsetjingar, og vurderer innkjøp, alle nye og pågåande prosjekt og alt bygningsvedlikehald kritisk.

Helse Førde er ikkje det einaste helesføretaket som slit økonomisk for tida. Den økonomiske situasjonen er minst like stram for andre helseføretak i Helse Vest. Men her er det lita trøyst i felles lagnad. 

Nyleg kom også regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2023. Varden ser eit svært stramt budsjettframlegg, utan tilstrekkeleg kompensasjon for inflasjon, og i tillegg vart lønnsoppgjeret i Helse Førde i 2022 blir høgare enn budsjettert. Vidare er det ikkje lagt inn kompensasjon for høg prisvekst på byggeprosjektet.

– Arbeidet med å tilpasse aktiviteten til dei økonomiske rammevilkåra er derfor svært krevjande for oss, seier Arve Varden.