Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kjersti Toppe opnar småbarnsdagane i Førde

Barne- og familieminister Kjersti Toppe kjem til Førde 18. oktober for å opne Småbarnsdagane 2022, ei årleg kjelde til inspirasjon og fagleg oppdatering for fagfolk som arbeider med dei aller minste blant oss.

Publisert 12.10.2022
Sist oppdatert 02.01.2024
Småbarnsdagane går over to dagar med fokus på aktuelle tema, mål om inspirasjon og fagleg oppdatering for alle som jobbar i barnefeltet. Målgruppa er helsesøstre, jordmødre, kommunelegar, barnelegar, psykologar, personell ved fødeklinikk og barneavdeling, BUP, VOP, familiekontor, PPT, barnevern, pedagogar – og alle andre som arbeider med barn og familiar.

Når barne- og familieministeren kommande tysdag vel å komme til Førde for den offisielle opninga av Småbarnsdagane er det med bakgrunn i hennar sterke engasjement for vilkåra til dei aller minste og mest sårbare blant oss. Ho opnar for eit spennande fagleg program med blant andre psykologspesialist Hedvig Svendsrud og forfattar, skodespelar og musikkvitar Ane Barmen (opphaveleg frå Kinn kommune) og professor i barne- og ungdomspsykiatri Einar R. Heiervang. 

Ane Barmen (f. 1984) er utdanna skodespelar og musikkvitar og har gått på Gyldendals skriveskule. Ho jobbar som skodespelar og skribent. Draumar betyr ingenting (2019) var debutromanen hennar, og for den fekk ho Brageprisen i kategorien Barne- og ungdomslitteratur. Boka blei også nominert til Nordisk råds litteraturpris. I 2021 kom den fyrste boka hennar for vaksne, Pappa var nesten på Woodstock, som handlar om ufrivillig barnløyse og eit vanskeleg far-dotter-forhold.

Einar R. Heiervang, dr. med., er professor i barne- og ungdomspsykiatri ved Universitetet i Oslo og overlege ved Oslo Universitetssykehus. Heiervang har bidrege til ei rekkje vitskaplege artiklar og han har leia studia "Barn i Bergen". No jobbar han m.a. med forskingsprosjektet "Children At Risk Evaluation" (CARE), ei studie av små barn som barnevernet tek over omsorga for. Det vert gjort systematisk kartlegging av helse, utvikling og omsorgsbehov hos barn i sœrskild risiko. På Småbarndagane fortel Heiervang om funn i studia knytt til små barn på veg til fosterheim, psykisk helse og tiltak.

Hedvig Svendsrud er psykologspesialist med sped- og småbarn si psykiske helse som fordjupningsområde. Svendsrud er tilsett ved sped- og småbarnsklinikken, BUPA, Sjukehuset i Vestfold. Svendsrud er PhD-kandidat ved Psykologisk institutt, UIO, der ho forskar på kroppsmentalisering i samspelet mellom fedrar og spedbarn. Svendsrud har lang erfaring frå arbeid i BUP, og frå arbeid med utgreiing av omsorgsevne hjå sped- og småbarnsforeldre på foreldre- og barnsenter. I tillegg til forskar- og klinikarstilling ved BUPA, arbeider ho og som fag- og sakkunnig for fylkesnemndene. På Småbarndagane vil ho formidle forsking knytt til kroppsmentalisering.


Vi ønskjer velkommen til Småbarndagane 2022 den 18. og 19. oktober!