Korleis skal Nordfjord sjukehus bli i framtida?
Betre kommunikasjon mellom spesialist- og primærhelsetenesta. Større samhandling rundt pasientane. Samarbeid om rekruttering.
Publisert 01.11.2022
Sist oppdatert 02.01.2024
Dette er nokre av stikkorda etter at eit femtitals representantar frå Helse Førde, kommunane i Nordfjord og brukargrupper var samla på Nordfjordeid for å tilrå vegen vidare for Nordfjord sjukehus. Ti år er gått sidan prosjektet <> vart avslutta. No er spørsmål korleis utvikle sjukehuset vidare.
- Helse Førde skal ha eit framtidsretta og trygt tilbod ved sjukehuset, psykiatrisenteret, BUP og ambulansetenesta, seier administrerande direktør Arve Varden.
Arbeidet som no er sett i gang, skal gjere opp status for utviklingsprosjektet «Framtidas lokalsjukehus». Prosjektet har fått namnet «Vidare utvikling av spesialisthelsetilbodet i Nordfjord», og skal mellom anna kartlegge og skildre
- Kva som er etablert, kva som ikkje er etablert av det som var planlagt, og kvifor
- Nye føringar som får konsekvensar for lokalsjukehuset
- Kva er nytt i tida – behov hos pasientane, medisinsk utvikling, andre utviklingstrekk, ressursar, føringar og anna. Mykje er endra, særleg når det gjeld heimesjukehus og digitale helsetenester.
Punkta under er mellom dei som vert viktige i det vidare arbeidet:
- Plan for kva tenester og kva for areal som skal vere på NSH på sikt
- Peike på moglegheiter for nye områder for desentraliserte tenester (digitalisering)
- Skissere løysing for korleis samarbeidet internt i føretaket og med kommunane bør utviklast vidare lokalt, utifrå nye føringar for helsefellesskap
- Synleggjere eventuelle konsekvensar av endringar i kommunane (nye oppgåver, endra organisering og inndeling)
- Samlinga var ein god start på eit viktig arbeid. Mange gav uttrykk for at berre det å møte kvarandre og snakke saman har ein verdi i seg sjølv, seier stadleg leiar Tone Holvik ved Nordfjord sjukehus.