Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kvalitetsprisen til Stian Sægrov

Helse Førde sin kvalitetspris for 2022 er tildelt ambulansesjef Stian Sægrov for innsatsen han har lagt ned for å bygge opp ei moderne ambulanseteneste med høg kvalitet i Sogn og Fjordane.

Publisert 20.10.2022
Sist oppdatert 02.01.2024

Sægrov (45) har vore i ambulansetenesta sidan helseføretaket vart oppretta i 2002, og har såleis vore med på heile vegen frå å vere ei delvis frivillig teneste på utsida av helseføretaket til å bli ein fullt utbygd​ og moderne del av Helse Førde.

Tre menn utandørs som held på bilete, blomar og ein gåvesjekk

PRISVINNAR: Stian Sægrov har arbeidd i  ambulansetenesta sidan Helse Førde vart oppretta, og mottok torsdag Kvalitetsprisen i føretaket. Her saman med administrerande direktør Arve Varden (til venstre) og fagdirektør og juryformann Asle Kjørlaug (til høgre). 

- Stian har bygd opp kvaliteten i ambulansetenesta vår, stein for stein, sa administrerande direktør Arve Varden då han delte ut prisen på Helse Førde sin årlege Kvalitetskonferanse torsdag denne veka. 

I eit stort og spreidd befolka Sogn og Fjordane er engasjementet stort rundt ambulansetenesta, og som ambulansesjef har Stian Sægrov stått i stormen ved fleire krossvegar for tenesta. 

- Men det byggjer tillit å vere så tilgjengeleg, føreseieleg og ærleg som det Stian er, sa Arve Varden.  - Å ikkje gøyme seg, ikkje gje seg på det han meiner er rett, både i det offentlege og også overfor eigne tilsette. Som leiar for ambulansetenesta er Stian den som alle engasjerte journalistar i Sogn og Fjordane vil snakke med når det dreier seg om ambulanse. Og Stian stiller opp, anten det er hyggelege saker eller uvêr som ventar.

Varden lista opp ei rekke endringar og kvalitetsforbetringar der Stian Sægrov har hatt ei sentral rolle, mellom anna standardiserte krav til alle ambulansestasjonane i Helse Førde, innføring av elektronisk pasientjournal i ambulansetenesta, nye ambulansebåtar i Helse Førde, arbeid på nasjonalt nivå med å forskriftsfeste nasjonale responstider, det som er rekna som den mest gjennoomarbeida prehospitale planen i Norge - og  mykje meir. 

- Vi har ambulansestasjonar over heile Sogn og Fjordane, heilt frå Selje og Stryn til Årdal. Ambulansetenesta er den same for alle aldrar, alle fagområde, alle adresser. For Helse Førde er det heilt sentralt at ambulansetenesta vår har høg kvalitet og gjev folk tryggleik og visse om at hjelpa kjem når folk treng den. 

Kvalitetsprisen i Helse Førde skal gå til medarbeidarar eller einingar som på ein framifrå måte har bidrege til å styrke kvaliteten på tenestetilbodet innan eit prioritert område innan kvalitetssatsinga i Helse Førde og Helse Vest.