Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Med Støre på besøk i Dagabygget

Statsminister Jonas Gahr Støre vitja i dag Helse Førde. Her kan du sjå video og foto frå besøket.

Publisert 23.11.2022
Sist oppdatert 02.01.2024
​​Etter å ha vorte helsa velkomen av styreleiar Ole Gunnar Krakhellen og administrerande direktør Arve Varden fekk statsministeren ei kort omvising i Førde BUPs del av Dagabygget. Han vart også orientert om drifta i psykiatrisk klinikk og barne- og ungdomspsykiatrien i i Helse Førde. Gahr Støre gav klart inntrykk av å vere imponert over det halvtanna år gamle bygget.

Deretter møtte han 17 år gamle Halvor Strømsli og mor hans Ingunn-Nina som fortalde om deira erfaringar med behandlingstilbodet i barne- og ungsomspsykiatrien i Helse Førde. I etterkant av møtet gav statsministeren uttrykk for at det er viktig å snakke om, og vere meir open om, unges psykiske helse. 

- Tilbodet til unge menneske innanfor psykisk helse opptek oss, sa statsministeren.

Etterpå var det møte med tilsette i Førde BUP samt tillitsvalde, før Støre møtte media utanfor Dagabygget der NRK, Firda​, TV2 og Dagbladet fekk høve til å stille spørsmål.​
​​
to menn i dress helsar på statsministeren utandørs

Velkomst: Styreleiar Ole Gunnar Krakhellen og administrerande direktør Arve Varden tok i mot statsministeren.

statsminister Støre i dialog med to menn og ei kvinne

Klar for omvising: Frå venstre: Hildegunn Knapstad Fauske, Børge Tvedt, Arve Varden og Jonas Gahr Støre.

Støre 4.jpg

Møte 1: Statsministeren gav seg god tid i møtet med Halvor Strømsli og mor Ingunn-Nina Strømsli (lengst til venstre). Elles på bildet er stortingsrepresentant Torbjørn Vereide, behandlar Toril Taklo og kommunikasjonsrådgjevar Ingrid Brandal Myklebust frå statsministerens kontor.

ei rekkje menneske som sit rundt eit bord

Møte 2: Gahr Støre i samtale med tilsette i Førde BUP og tillitsvalde.

Støre 4.jpg