Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Minneord Øystein Vatne

Det var med stor sorg vi mottok meldinga om at hudlege og mangeårig sjef ved hudavdelinga i Helse Førde, Øystein Vatne, var gått bort. Øystein døydde i heimen sin 30.10.2022 etter ei tids sjukdom. Han vart gravlagt 8. november 2022 ved Vassenden kyrkjesenter.

Publisert 11.11.2022
Sist oppdatert 02.01.2024
​Øystein Vatne var ein fantastisk sjef og kollega, men for oss ved hudavdelinga var han så mykje meir enn ein god kollega. Han var eit forbilde, både fagleg og menneskeleg. 
portrettbilete av ein mann med kvit skjorte og svart vest som sit ved ein kontorpult

Han hadde ein sterk lidenskap for faget. Hudavdelinga i Helse Førde vart hans livsverk, og han bygde opp avdelinga i Førde frå grunnen av. Han var oppteken av at alle pasientar i tidlegare Sogn og Fjordane fylke skulle ha eit likeverdig tilbod, uavhengig av kvar dei budde. Han overtok poliklinikken i Florø etter dr. Gjertsen og poliklinikkane i Sogn etter dr. Hilleren. Han starta også hudpoliklinikk på Eid. I mange år var han åleine som lege ved avdelinga, noko som medførte mykje reising til og frå dei ulike lokalisasjonane. 

Øystein var oppteken av å halde seg oppdatert fagleg, og var svært kunnskapsrik. Han var nytenkande og var tidleg ute med å ta i bruk ny kunnskap. Helse Førde var blant dei fyrste som innførte fotodynamisk terapi mot solskader i hud. 

Han hadde stor interesse for sår og var i mange år med i styret i Norsk Interessefaggruppe For Sårheling (NIFS). Han vart referert til som ein av dei fremste i landet innan sårbehandling, og var ein mykje brukt foredragshaldar i heile Noreg på ulike kurs og vidareutdanningar. 

Øystein elska å undervise, både legar og sjukepleiarar. Han heldt utallige undervisningar i avdelinga, og han likte veldig godt å ha med seg både studentar og heilt ferske nye legar i det kliniske arbeidet. Det var alltid «opa dør» til kontoret hans, han kunne alltid spørjast, sa aldri nei. Han var ein god læremeister med utprega pedagogiske evner og imponerande tålmod. 

Han var blant dei fyrste som nytta videokonsultasjonar som verktøy for at pasientar skulle sleppe å reise langt for å komme til hudlege. Allereie rundt tusenårsskiftet hadde han telemedisinske konsultasjonar. Teknologien var nok ikkje så velutvikla på området den gongen. Men frå 2015 har Hudavdelinga nytta videokonsultasjonar systematisk, særleg mot utepoliklinikkane. Øystein var ein pådrivar for å få dette i gong. 

Pasientane var svært glade i Øystein. Han hadde ein velutvikla humoristisk sans og kom med mange gode replikkar som lokka fram smil og latter, og fekk pasientane til å slappe av. Han utstråla fagleg tyngde og tryggheit overfor pasientane, dei følte seg godt ivaretatt. 

Han hadde ein imponerande arbeidskapasitet, og arbeidsdagane vart oftast lange. Han var veldig samvittigheitsfull, og han strekte seg langt for å gjere ein god jobb for pasientane. Men for at han skulle kunne bruke så mykje tid på jobb, var det andre som måtte gjere ein stor innsats heime. Han var heldig som hadde kona si Bjarney. Ho har til tider måtte vise stort tålmod, når Øystein gong på gong vart forseinka heim. 

Øystein fekk Kongens fortenestemedalje for sitt arbeid for pasientar med hudsjukdommar i tidlegare Sogn og Fjordane. Det var ein pasient som tok initiativet til dette saman med fotterapeut og kollega i styret i NIFS, Edel Olstad
Det var ikkje berre fag som interesserte Øystein. Han var interessert i natur- og lokalhistorie, og brukte ofte bileta til Nikolai Astrup som illustrasjon på korleis ein burde tenkje: Først sjå dei store linjene, deretter studere detaljane. Slik fletta han saman fag og kunst. Øystein var og ein ivrig hjortejeger, og hadde mange gode jakthistorier å fortelje. 

Då han skulle bli pensjonist vart det arrangert avslutningsfest ved Astruptunet og Jølstramuseet. Under middagen fekk Øystein ei helsing, digitalt framført på storskjerm, frå dåverande helseminister Bent Høie. 

Vi har mange gode minne frå turar og sosiale samlingar. Den siste fellesturen var sommaravslutninga i år, der vi var på Vikingcruise til Fimreite og avslutta med middag ved Walaker hotell. 

Det er så ufatteleg trist at Øystein ikkje skulle få meir tid. Han hadde trappa mykje ned på jobbing og kunne no bruke meir tid på familie og prosjekt heime på garden i Gjesdalen. Han hadde gravemaskin som skulle brukast, og han skulle gå på hjortejakt i endå mange år. Det som kan vere godt å tenkje på, er at han nok rakk meir enn dei fleste. Han utnytta tida si godt og fekk utretta mykje i den tida han fekk. 

Vi kjem til å sakne latteren hans i korridorane på sjukehuset. Den enorme kunnskapsbanken han var. Vi kjem til å sakne omsorga han hadde for sine medarbeidarar. Han behandla alle likt om det var sekretær, sjukepleiar eller lege. 

Ein heidersmann er gått bort. Vi minnast Øystein med respekt og takksemd. Vår djupaste medkjensle går til kona Bjarney, born, borneborn og øvrige familie.

Fred over Øystein Vatne sitt minne.   
​ 

Tilsette ved Hudavdelinga i Helse Førde