Nordfjord sjukehus får ny MR
Administrerande direktør Arve Varden rår til å kjøpe ny MR til Nordfjord sjukehus. Den nye maskina vert venteleg levert i andre halvår 2024 og i drift frå 2025.
Publisert 15.12.2022
Sist oppdatert 02.01.2024
I eit trangt investeringsbudsjett har Varden valt å prioritere ny MR på Nordfjordeid som ei av dei største enkeltinvesteringane i medisinsk-teknisk utstyr dei kommande åra. Det er sett av 11 millionar kroner til investeringa.
- Både med omsyn til pasientbehandlinga, økonomi og drift er det rett å skifte ut den 15 år gamle MRen med ei ny og topp moderne maskin, seier Arve Varden.
Mange undersøkingar
Ei MR-undersøking framstiller digitale bilde av indre organ. Undersøkingar med MR gjev spesielt god framstilling av endringar i muskulatur, bindevev og sentralnervesystemet, og kan i tillegg framstille sjukdomsforandringar i skjelett, hjarte, bryst, blodårar, urinvegar og bukorgan.
MR-maskina på Nordfjord sjukehus gjennomfører kvart år mellom 3500 og 4000 MR-undersøkingar. Av maskinene som er i drift på dei offentlege sjukehusa i Hele Vest, er det berre maskina i Førde som har fleire undersøkingar per år. Helse Førde har i dag to MR-maskiner i Førde og ei i Lærdal, i tillegg til den ved Nordfjord sjukehus som no skal skiftast ut.
Treng fire maskiner
- Helse Førde har behov for MR-kapasitet med drift på fire maskiner. Det er lang ventetid på elektive MR-undersøkingar også med fire maskiner i drift. Vi har no bak oss ein periode med tre MR-maskiner i drift på grunn av utskifting ved Førde sentralsjukehus. Sjølv om vi har kompensert med kveldsdrift, ser vi at ventetidene likevel har auka noko desse månadene, seier Varden.
Maskina på Nordfjordeid er no 15 år, og ved havari kan ikkje leverandøren garantere å erstatte med nye delar etter 2025.
- Vi er svært glade for at tilrådinga som kom i samband med budsjettet. Nordfjord sjukehus får no den mest moderne MR-maskina i sitt slag, seier Børge Stavland, sjef for radiologisk avdeling i Helse Førde.
Stavland understrekar samstundes at den eksisterande MRen fungerer godt:
- Sjølv om maskina er 15 år, er det ei god maskin. Og det er heilt trygt å ta MR i Nordfjord. Men etter såpass mange år, nærmar vi oss ein periode med aukande fare for havari.
I styret fredag 16. desember
I desembermøtet har styret i Helse Førde samrøystes vedteke budsjett og investeringsbudsjett, der MR på Nordfjord sjukehus ligg inne.