32 nye parkeringsplassar klare til bruk
Opna ny parkeringsplass ved Nordfjord Sjukehus
Måndag 28.november var det offisiell opning av den nye parkeringsplassen ved Nordfjord sjukehus. Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden stod for den formelle snorklippinga, flankert av stadleg leiar Tone Holvik og teknisk sjef ved Nordfjord sjukehus, Per-Helge Haugen som har jobba over tid for å få dette på plass. I tillegg var representantar frå entrepenørane til stades.
- Vi driv med god pasienthandtering, og då er det viktig at vi har gode parkeringsplassar tilgjengeleg, seier adm.dir. Arve Varden.
Den nye parkeringsplassen, med plass til 32 bilar, betrar parkeringstilhøva ved sjukehuset betrakteleg for både pasientar og tilsette. Ambisjonen er at tilsette skal parkere på den nye parkeringsplassen bak sjukehuset, slik at ein frigjer alle parkeringsplassane på framsida til pasientar. Det er svært gledeleg. Varden legg også til at Helse Førde er eit av få føretak på Vestlandet som framleis ikkje har parkeringsavgift, og ynskjer å halde på dette så lenge det let seg gjere.
- Dette er viktig for Nordfjord sjukehus, og vi gler oss over å endeleg kunne ta den i bruk, seier Haugen.