Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Svært stramt budsjett

Styret i Helse Førde har vedteke budsjettet for 2023. Investeringar og vedlikehald vert redusert, og det skal arbeidast vidare med å finne ytterlegare innsparingar gjennom 2023.

Publisert 22.12.2022
Sist oppdatert 02.01.2024
​– Budsjettarbeidet denne hausten har vore det vanskelegaste i mi tid som administrerande direktør. Det kommande året vil krevje store omstillingar og auka endringstakt i organisasjonen, sa administrerande direktør Arve Varden til styret. Han nytta samstundes høvet til å rose dei tillitsvalde og leiarar på alle plan i organisasjonen for godt samarbeid i budsjettprosessen.

​Nullresult​at neste år


Styret vedtok eit budsjett på 3,4 milliardar i 2023-kroner. På grunn av den stramme økonomien er resultatkravet neste år sett til null. I den økonomiske langtidsplanen var det planlagt med eit overskot på 21 millionar i 2023.

Uvisse knytt til rammene er ein viktig grunn til at budsjettprosessen har vore krevjande. Det er ikkje lagt inn kompensasjon til spesialisthelsetenesta for at prisstiginga og lønsutviklinga har vore vesentleg høgare enn rekna med gjennom 2022. I tillegg er det venta at dei økonomiske rammene vert strammare framover, noko som også gjev trong for omstilling.

Klokt og forsvarleg ​​budsjett


- Det er behov for å finne tiltak på 50 millionar. I første omgang er dette delvis løyst ved å redusere investerings- og vedlikehaldsbudsjettet med 25 millionar. I tillegg er det sett i gang arbeid med mål om å finne tiltak tilsvarande 25 millionar. Samla vurdering er at budsjettet til Helse Førde for 2023 er svært stramt, heiter det i saka som styret fekk seg presentert fredag.

Styret ser også alvorleg på situasjonen, men gav på same tid uttrykk for at det er lagt opp til ein klok og forsvarleg måte for å løyse vanskane.

- Det er fornuftig å bruke noko tid. Men året som står framfor oss vert krevjande, og økonomien vil sikkert stå i fokus, sa styreleiar Ole Gunnar Krakhellen.

Nesten 60​​0 millionar til Nye Førde sjukehus


Helse Førde skal investere for 621 millionar kroner neste år. Den alt vesentleg av dette, 595 millionar, går til Nye Førde sjukehus. I medisinsk-teknisk utstyr vert ny MR på Nordfjordeid ein av dei største enkeltinvesteringane dei kommande åra.

I samband med styremøtet vart det også gitt ei oppdatering på den økonomiske situasjonen. Ved utgangen av november ligg Helse Førde an til å få eit resultat for 2022 som er 22,5 millionar bak budsjett.

Du kan lese heile saka om budsjett i styrepapira ved å følgje denne lenka.