Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilbod om sexologisk rådgjeving i Helse Førde

Helse Førde utvidar tilbodet om sexologisk rådgjeving.

Publisert 25.11.2022
Sist oppdatert 02.01.2024
Frå oktober 2022 er Karianne Røssummoen Øyen tilsett som sexologisk rådgjevar i 30 prosent stilling i Helse Førde (ein dag i veka). Det er planlagt ei auke av stillinga til 40 prosent, altså to dagar i veka fra hausten 2023. Stillinga kjem i tillegg til sexolog Kjellaug Fredly, som arbeider i ti prosent stilling. 
Karianne Øyen.jpg

Røssummoen Øyen har formell kompetanse frå Universitetet i Agder og har som mål å oppnå NACS godkjenning (Nordic Association for Clinical Sexology) som spesialist i klinisk rådgjeving.
Frå tidlegare har ho klinisk erfaring frå medisinsk og kirurgisk klinikk. Hun er utdanna 
kommunikasjonsinstruktør i Helse Førde 2022, kreftsjukepleiar i 2008 samt har mastergrad i kunnskapsbasert praksis for helsefag frå 2012. Ho har dei siste åra jobba kombinert som høgskulelektor ved HVL og i palliativt team, men er no tilsett på kvinneklinikken i kombinasjon med palliativt team. 

Øyen kan ta imot pasientar med ulikt definerte kjønn, og i ulik alder. 
- Pasientane kjem med varierte tilstandar og problem, det er ofte folk som opplever smerte eller problem med lyst, seier Karianne. 
Ho kan også bidra med rådgjeving til anna helsepersonell eller andre aktuelle samarbeidspartar om tematikken seksualitet.
 
Ho arbeider ut ifra den Bio-psyko-sosiale modellen, og tenkjer heile personen og kan bidra med: 
  • Råd og førebygging av helseplager og hjelpe pasienter til å løyse eller meistre seksuelle problem.
Ho kan hjelpe enkeltpersonar eller par med:

  • seksuelle funksjonsvanskar
  • problem med lyst, ereksjon eller lubrikasjon (tørr skjede)
  • identitetsutfordringer knytte til kjønn og seksualitet
  • variasjonar av seksuelle tenningsmønster som blir opplevd problematisk
  • traumereaksjonar etter seksuelle overgrep
  • gje råd om vidare behandling eller tiltak, ut fra eit tverrfagleg perspektiv

Slik får du kontakt med tilbodet: 

  • Fastlegar eller legar på sjukehus kan tilvise til tilbodet

Meir informasjon: Sexolog - Helsenorge